skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal program 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Program NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:47
NRK Møre og Romsdal
6025 ÅLESUND
Tlf 70 11 52 00
Distriktsredaktør:
Vevredaktør:

 

Kyselar og annan ost

Vegen til mannens hjarte går gjennom magen, seier eit gammalt ord. Visste du at seterjenter i gamle dagar sjekka gutar med ost? Men denne lodne gammalosten ville kanskje ikkje få kavalerane til å flokke seg rundt jenta. Kyselar derimot..!

Publisert 02.06.2003 14:19. Oppdatert 06.06.2003 15:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:








Kyselar

Etterlysinga i radioprogrammet "Mat med Mindor 21. mai gav resultat! Mange har ringt og skrive til oss - takk alle saman! I "Mat med Mindor" 28. mai fekk vi høyre om kyseltradisjonar, og det programmet kan du høyre ved å klikke på lenkja ovanfor. Der finn du også programmet vårt den 4. juni som handla om all den gode osten som blir laga i Møre og Romsdal + diverse annan ost.

Kva kjem ordet kysel av?


Gunnvor Hatlestad i Volda har leitt i Alf Torps "Nynorsk etymologisk ordbok" og funne svaret: kysel er det same ordet som vi finn i f. eks. tysk Käse og engelsk cheese, eller i latin caseus - alle tyder "ost". Men endestavinga -el er det same som -ill i gammalnorsk, og fungerer som ei forminskingsform. Altså: kysel = liten ost.


Det er skrive eitt og anna om kyselar i fleire kokebøker og oppskriftsamlingar. I heftet "Oppskrifter frå fylket vårt" som Møre og Romsdal Bondekvinnelag laga for ein del år sidan, fortel Sigrid Relling desse kysel-minna frå seterlivet i Valldal på 1920-talet:

*****
Mjølka vart sett i ei stor gryte og dei tok gjerne av litt av fløyten når han kom opp. Til kysel skulle mjølka so stå til ho vart "dia" (sjølvsyrna). Då vart gryta sett over varmen og tilsett osteløype. Når mjølka skilde seg, vart ostestoffet forma til kyslar i den varme mysa. Etter kvart som dei vart ferdige, vart dei pakka inn i klede, då vart dei blanke i overflata og skorpa vart ikkje hard. Kyselen skulle vere litt seig, men likevel møyr.

Kyselane vart brukte til gåver frå sætergjentene etter heimferda frå sætra om hausten. Ektefolka fekk gjerne dei største, forma som flate, avlange kaker, og til borna var det små kyselgrisar. Somme var runde som eit lite tefat. Dei vart dekorerte med kyselroser med eit stempel utskore i tre. Desse siste var tiltekt som gåver åt gutane på kyseldansen om hausten.
*****

I boka "Norsk mat" (Landbruksforlaget) blir ymse slag kyselar skildra:
*****
KONEKYSELAR
var litt store, ovale på skap, med eit fint mønster på ei utskoren kyselrose midt på.

MORGONKYSELAR
skulle alle i huslyden ha kvar sin av. Dei var runde, så store som ein bra asjett, også dei var pynta med ei kyselrose.

HORNKYSELANE
var små og avlange og pynta med horn - tynne taggar som det var ein kunst å få jamne og fine. Midt på var dei pynta med ei rose som helst var hjarteforma. Dei vart brukte til morogåve til ein eller fleire på første dansen etter heimkoma frå setra - også kalla kyseldansen. Den guten som fekk dei fleste kyselane var vel den som var mest i vinden.
*****

Andre døme på at jentene gav kyselar til gutar dei likte godt, kunne vi høyre om i "Mat med Mindor" 28. mai - sjå lenkja til programmet ovanfor.


Det står også om kyselar i band 3 av Norddal bygdebøker, s. 161/162:
*****
Kyselen vart berre laga på sætra kort før dei jaga heim att om hausten. Dette var òg den lagelege tida for å lage kysel. For når det tok til å verte meir kjøleg vêr, var det vanskeleg å få til skyr av tettamjølk. Ho ville gjerne verte til såkalla rennemjølk, og det var nettopp dette slag mjølk som skulle til for å få god kyselmaterial. Stølsgjentene kom gjerne saman i eit sel ein av dei siste kveldane. Då skulle kyselane lagast, og det var ei livleg samkome. Kyselen må nærmast kallast eit slag ost, men var ikkje så mykje laga med tanke på eit matemne som det var ei lita minnegåve, som gjevaren kunne leggje så mangt i, venskap, takksemd osb, og ikkje minst - kjærleik.

Ein kysel var gjerne så vid som eit stort lommeur, og ca. 1/2 cm tjukk. Men han kunne vere både større og mindre. Mest var han sirkelrund, men kunne òg ha eit anna skap. I alle sel hadde dei fleire fine kyselroser, utskorne i tre og forma som eit stempel. Det galdt å vere nettfingra når ein skulle forme kyselen. Dei finaste - og det var gjerne dei som var tiltenkt gutane - skulle ha ein opphøgd kant rundt randa, med små taggar på. Kyselrosa vart så påstempla i midten til slutt. Alt dette måtte gjerast medan materialen var varm.

Etter heimkoma frå sætra var det vanleg å lage i stand ein dansekveld, "kyseldansen". Då hadde sætergjentene med seg dei finaste kyselane sine, og den guten som hadde gjenta sin hug fekk kyselen før kvelden var slutt. Men kyselen måtte så visst ikkje byte eigar openljost, nei det skulle helst ingen andre sjå. Forteljaren sa at det var nok dei gutane som vart vel forsynte med kyselar på ein slik kveld. Elles fann nok denne gutakyselen fram til den rette om dei to partane ikkje var på dansen òg.

Vart desse kyselane gøymde på ein turr stad, kunne dei halde seg like fine i årevis. Då vart dei harde som stein, og det var sjølvsagt ikkje snakk om å ete dei, noko som heller ikkje var meininga. Elles var det vanleg at sætergjentene laga eit anna slag kyselar òg samstundes. Desse var større og tjukkare, og var laga til bruk for husmora. Dei skar stykke av desse og brukte til oppstadbete til dømes, og dei følgde òg med i kyrkjenista.
*****
(Utdrag frå ein artikkel av Peder Hoel i bygdeboka.)



Bakgrunn: Matmannen Mindor (01.09.2003)
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MAT

 
10 SISTE NYHEITER FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no