OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter | Oppdatert 22.10.2004 13:48 |
| Fredsfurien: Suttner, Bertha von (1843-1914) Publisert 14.09.2001 08:44
Då Alfred Nobel stifta fredsprisen, var det mange som meinte at det var etter påverknad frå Bertha von Suttner - baronessa som tok jobb hos han og som sjølv tok i mot fredsprisen i l905. Fattig baronesseBertha von Kinsky vart fødd 9. juni 1843 i paleet Kinsky, eit rokokkoslott i Praha. Faren døydde før dottera vart fødd, 76 år gamal. Mor som berre var 23 år, fekk store problem med økonomien. Bertha var ei intelligent jente som helst heldt seg i biblioteket. Ho vaks seg vakker og fekk mange friarar. Før ho fann sin store kjærleik, var ho trulova fire gonger. Mor var knust av skam, for dottera var blitt 30 år og måtte sjå seg etter arbeid. Det var nederlag for adelsfamilien.Ulykkeleg kjærleikBertha tok seg arbeid som guvernante hjå familien von Suttner i Wien. Her forelska ho seg i yngste sonen, sju år yngre Arthur Gundaccar, ein juridisk student. Då mor hans oppdaga forholdet, vart Bertha oppsagt. Ho var ikkje fin nok for sonen. Men mora ville hjelpa henne til nytt arbeid, og kom ein dag over ein annonse der ein rik og velutdanna herre søkte etter ei språkyndig kvinne i satt alder. Bertha svarte på annonsen og fekk brev underteikna Alfred Nobel.Telegrammet som endra livetBertha von Suttner vart godt motteken av den vidgjetne Alfred Nobel. Dei kom til å trivast ilag, og ein dag spurde han henne om ho var ei fri kvinne. "Nei," svara ho, og fortalde om sin store ulykkelege kjærleik.
Boka kom til å bli eit viktig dokument i det internasjonale fredsarbeidet, og venen Alfred Nobel let seg påvirka. Då Nobels testamente vart kjent i 1897, tok mange det for gitt at Bertha von Suttner skulle få den første fredspris. Ho fekk den først i 1905. Av Åshild Ulstrup På livet laus, NRK P2, 23. september 2001
|
12:29 ARKIVERT FORSIDE 11:28 Hafslund selger NOKAS 09:34 Tidsfrist for Israel 08:20 - EU-observatører må ut 07:10 Dødt løp i Mexico 06:37 Ikke velkommen |
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 03.01.2009 14:16 |