OVERSIKT NYHETER SPORT MUSIKK UNDERHOLDNING FILM LITTERATUR MAT BARN UPUNKT
NRK Portretter

Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter

Oppdatert 22.10.2004 13:48

NYHETER
Innenriks
Utenriks
Økonomi
Kultur

Sport
Distrikt

Bakgrunn
Magasinet

Siste 48 timer
Sendinger

Trafikk
Vær
 
 

Velferdstatens mor:

Myrdal, Alva (1902-1986)

Publisert 28.09.2001 16:22 - Oppdatert 28.09.2001 16:36

Ho la grunnlaget for at svenske kvinner har vore i Europatoppen både i barnefødslar og yrkesdeltaking. Ho forhandla om nedrusting i 11 år. Ho vart heidra med Nobels fredspris, og ho vart ramma av sonens verbale knyttneve.

- Eg går så langt som til å seia at alle menneske i verda burde ha stemmerett ved valet på president i USA, sa Alva Myrdal i eit NRK-intervju i 1966. Og ho la til: - Spøk til side, men verdas leiarar har ansvar for alle land og folk i verda.

Brutalisering

I 1982 fekk Alva Myrdal Nobels fredspris, som det året vart delt mellom henne og meksikanaren Alfonso Garcia Robles. Dotter til Alva Myrdal, filosofen Sissela Bok, var i Oslo kort tid etter terroråtaka mot New York og Washington – og tenkte på moras ord den gongen:

- Ho tala om valdskulturen – alle våpen som blir selde over heile verda, om korleis unge blir oppfostra i ein valdskultur, dei ser film, dei syng sangar om vald, om valdtekt. Ho sa at dette endrar verda, og ting kjem til å skje som vi ikkje har oversikt over.

Sissela Bok har sjølv skrive om vald i boka ”Mayhem. Violence as Public Entertainment”. Og ho seier inntrengjande:
- Vald må ikkje vera underhaldning.

Fredsforhandlar i elleve år

Alva Myrdal spreidde rundt seg eit gnistregn av idear og forslag, i første del av livet på område som barn, skole, familie, helse, kvinnefrigjering, seinare på den internasjonale arenaen: Gjennom ulike sjefsstillingar i FN, og som ambassadør for India, Ceylon,Burma og Nepal.

Heime vart ho medlem av Riksdagen,ei kraft bak opprettinga av det svenske fredsforskingsinstituttet, og frå 1962 og i elleve år framover leiar for den svenske delegasjonen til nedrustingsforhandlingane i Geneve.

Bondedotter

Alva Reimer, fødd i 1902, voks opp i Eskilstuna, faren Albert Reimer vart etterkvart bonde på den garden Alvas mor Lovisa Larsson kom frå. Faren var ateist og sosialist, mora full av sangar og historier, dyktig i alt, men husmorrolla gav henne ikkje utløp for energien: Gode Gud, la mamma få eit arbeid! bad Alva og systera Rut når dei la seg om kvelden.

Sloss for skolegang

Det var med naud at ho fekk lov til å gå gymnaset, det fanst ikkje offentleg gymnas for jenter i Eskilstuna da ho voks opp, og foreldra tykte ikkje dei hadde råd til å sende henne på privatskole - og meinte vel også at det var bortkasta på jenter. Men ho gav seg ikkje før ho fekk tatt artium, og tok så til på studier i Stockholm. Ho gifta seg tidleg med sin livslange partnar, Gunnar Myrdal, og dei fekk tre barn: Jan, Sissela og Kaj.

I biografien ”Alva Myrdal. Min mor” frå 1987 gjev Sissela Bok eit nyansert bilde av ei viljesterk og gåverik kvinne, som levde i ei tid da hokjønnet var usynleg på den offentlege arenaen –”profesorskan” vart beden om å gjera arbeidet medan Gunnar Myrdal, professoren, fekk dei ærefulle verva.

Kuppa høgresida

Professor i historie, Yvonne Hirdman,ved Arbetslivsinstitutet og Universitetet i Stockholm, seier til NRK P2 at Alva og Gunnar Myrdal har ei sers stor ære og ansvar for velferdsstaten i Sverige. Dei formulerte seg frekt, moderne og ungt da dei publiserte den viktige boka ”Kris i befolkningsfrågan” i 1934.
Der gjorde dei det kunststykket å ta ei høgresak: ynske om fleire barnefødslar, og kombinere med krav om ein sosialistisk
familie-, barne-, helse- og skolepolitikk: for berre gjennom betra livsvilkår ville folk – og særleg kvinner - setja fleire barn til verda. Alva Myrdal hevda med styrke at gjennom barnehagar, kollektivhus, sekstimarsdag og ein far som tok sin del av yngelpleien, ville kvinner både kunne ha eit yrke og eit ynske om å få nok barn til at folketalet ikkje stagnerte.

Estet

Alva Myrdal hadde arva si eiga mors sans for det vakre, for heiminnreiing og kunst, og var flink til å brodere og sy - på mange bilde av døtrene i Sissela Boks biografi står det at kjolane hadde Alva sydd sjølv.


Bitter frukt

Sonen, forfattaren Jan Myrdal, laga skandale da han i bokform hevda at mora, som stod på barrikadane for den gode barndomen, ikkje hadde handlag med barn: ho tok valent i sine barnebarn og hadde kalde hender. Ho hadde utopiske løysingar på alle problem i verda bortsett frå sine eigne.
Jan Myrdal hevda han hadde ein oppvekst utan kontakt med foreldra – og at han i 1982, som femtifemåring, skreiv om barndomen for å ”kontrollera och klargöra lite hur man blev den man blev.”
Jan, sju år eldre enn neste barn i rekkja, Sissela, budde i lange periodar hos besteforeldra når Alva og Gunnar var i utlandet – blant anna var dei nesten eitt år i USA frå han var to. Men det var ikkje uvanleg i over- og middelklassa at foreldre reiste utan å ta barna med seg i den tida, iblant vart dei plasserte på barneheimar. Historikar Yvonne Hirdman meiner Jan Myrdal hadde ein bra barndom, han var trass alt i lag med folk som han kjende og som var glade i han.

Alva Myrdal fekk i alt fem fredsprisar – blant dei Folkets fredspris: 18 landsomfattande norske organisasjonar samla inn tre hundre tusen kroner, som Alva Myrdal ville bruke til opplysing om atomvåpen og nedrusting. Folkets fredspris fekk ho tidlegare same året som ho fekk Nobels fredspris, og han gledde henne stort.

Av Astrid Brekken

Sånn er livet, NRK P2, 1. oktober 2001


 
 
SØK

boks_topp_transparent.gif
PORTRETTER
boks_bunn_transparent.gif
10 SISTE NYHETER

Copyright NRK © 2001   -  Telefon: 815 65 900  -   E-post: info@nrk.no   -   03.01.2009 15:17