| OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Nyheter > Bakgrunn > Portretter | Oppdatert 22.10.2004 13:48 |
| Dolk og kyss Lorca, Federico García (1898-1936) Publisert 17.11.2001 11:48 - Oppdatert 20.11.2001 10:24
Alle elska han – men han vart myrda av Francos menn. I år er det 65 år sidan lokale falangistar drap han nær heimbyen Granada i Andalusia, like etter at borgarkrigen braut ut. Men som diktar lever Federico García Lorca i store delar av verda – her i vårt hjørne er mange dikt omsette til norsk på 1990-talet, og i Chiapasjungelen i Mexico let el subcommandante Marcos seg inspirere av Lorca. Drama og lidenskapHan var eit sant fyrverkeri av talent: dikt, noveller, essay, musikk, kunstmåling og sjølvsagt dramatikken, med titlar som manar fram bilde av kvinner, sterke, svake, fangar av tradisjonen: Blodbryllup, Bernardas hus, Frøken Rosita, Yerma. Lidenskap og dramatikk er første tanke når Lorcas namn blir nemnd, men han hadde også andre ansikt:Øglefar sit og græt. Øglemor sit og græt. Øglefar og øglemor med ørsmå, kvite forkle. Dei har klart å rote vekk sin eigen giftering. Akk, denne vesle ringen av bly, den vesle blyringen deira! Grøn vil eg ha degEtter første verdskrig var det ismenes tid – kubisme, surrealisme,dadaisme – Lorca tok opp i seg det nye, og var samtidig forankra i den sør-spanske, andalusiske folketradisjonen. Han høyrer til den såkalla 27-generasjonen i spansk litteratur – i 1927 var det 300 år sidan den største barokkdiktaren Luis de Gongoras døydde, og minnet hans vart feira. Gongora fekk ein renessanse: han brukte språket på spesielle måtar, var sterkt opptatt av form og vart ein inspirator for etterkrigsgenerasjonen. Bilderikdomen hans fascinerte – det blir sagt at til dømes i Lorcas dikt ”Søvngjengarballade” er det klangar frå Gongora:Grøn vil eg ha deg grøn. Grøn vind. Grøne greiner. Båten på havet og hingsten i fjellet. Med skugge like til livet står ho på balkongen og drøymer. Grøn hud, grønt hår og auge av kaldaste sølv. Grøn vil eg ha deg grøn. Under sigøynarmånen ser kvar ting på henne og ho kan ikkje sjå dei. Venn av de FallaFemten år gamal ville Federico bli konsertpianist,og det var ingen i fødebyen Granada som kunne lære han meir. Faren sende sonen til Madrid – men for å studere jus. Han fekk til sist sin juridikum, men praktiserte aldri. Diktaren Lorca slo for alvor gjennom da han gav ut diktsamlinga ”Sigøynerballader” i 1928.Musikken følgde han likevel gjennom hans korte liv: Han vart ein god venn av komponisten Manuel de Falla, og saman arbeidde dei for å ta vare på den andalusiske folkemusikktradisjonen. I 1922 arrangerte dei to ein sigøynarkulturfestival i Granada. Det finst ei innspeling på CD: ”Canciones populares españolas” frå 1931, der García Lorca har bearbeidd musikk og tekster i spanske folkesangar, og sjølv spelar piano. Sangaren er den kjende La Argentinita. Også sangar med Lorca-tekster frå samlinga ”Cante jondo” vart spela inn tidleg på 1930-talet. (Utdraga frå Lorcas dikt er henta frå samlinga ”Månen har tenner av elfenbein”, Det Norske Samlaget 1996, gjendikting ved Tove Bakke og Ragnar Hovland.) Av Astrid Brekken Sånn er livet, NRK P2, 19. november 2001 |
12:29 ARKIVERT FORSIDE 11:28 Hafslund selger NOKAS 09:34 Tidsfrist for Israel 08:20 - EU-observatører må ut 07:10 Dødt løp i Mexico 06:37 Ikke velkommen |
| Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 03.01.2009 18:31 |