- Ingen kan trekka seg
Metallgruppa Svölk ynskjer å trekka seg frå Norges Dårligste Bandnavn, men juryformann Christer Falck viser ingen nåde.
Etter lanseringa av konkurransen “Norges Dårligste Bandnavn” denne veka, har temperaturen gått høgt i kommentarfeltet. Ein bra andel av Norges aktive band er no nominert, og ikkje uventa herskar det ikkje fullstendig semje om kva som faktisk er eit dårlig navn. Er Fjorden Baby! så kjipt som nokon skal ha det til? Kor bra fungerer eigentleg Bigbang? Juryen er klar til ta saka i sine hender førstkomande mandag.
At ikkje alle band er like nøgde med å bli nominert, bør ikkje koma som ei overrasking. Metallgruppa Svölk frå Trysil har har likevel eit heller uventa grunnlag for sitt forsøk på å trekka seg frå konkurransen. I følge ein pressemelding som vart sendt til redaksjonen, er bandet nemleg fornærma over å bli nominert i same kategori som bandnavn frå heilt andre ordklasser. Dei meiner det burde vore eigne kategoriar for adjektiv, verb, substantiv og så vidare.
Dette minnar mistenkeleg om ein PR-jippo a là Egil Hegerbergs tilbakevising av sin Spellemannsnominasjon, og gitarist Jengt Castral kan stadfeste at det heile i stor grad dreier seg om eit ynskje om oppmersomhet.
- Me såg at det etterkvart var veldig mange band som var nominert, og skjønte at sjansen for å stikka av med tittelen var smal. Difor fann me ut at me ville ha meir igjen for å trekka oss.
Castral føyer til at dei på inga måte var fornærma av nominasjonen – tvert imot meiner han det berre hadde vore morsomt om dei hadde gått til topps i kåringa. Ingen i bandet har sjølv noko problem med sitt eige navn.
- Me er svært nøgde med bandnavnet vårt. Faktisk bestemte me oss for navn fleire år før me i det heile tatt begynte å spela.
Navnet Svölk har sitt opphav i dialektordet “svølk”, som er måten “svolk” uttales i Trysil. En svolk er opphaveleg nemniga for ein trekjepp som vart brukt som jordbrukreiskap og slagvåpen. Ordet kan òg bety slag av ein slik kjepp, altså juling. Svølk er en dialektform av svolk – slik ordet uttales i Trysil. “Metallomlyden” med tødlar over o-en var viktig for bandet då dei gav seg sjølv navn.
Juryformann i kåringa av “Norges Dårligste Bandnavn”, Christer Falck, har lite sympati med Svölks forsøk på å trekka seg frå konkurransen.
- Om de kallar opp bandet etter korleis ein gir/får juling på dialekt i Trysil – i tillegg til å bruka ein svensk ö – då må de berre rekna med å få tyn av sånne som meg og mine beinharde vennar/venninner.
Han held fram:
- Å prøva å trekka seg frå ei slik kåring vert omtrent som å gøyma vekk den stygge ungen når det kjem folk på besøk. Svölk: De er enten håplause, eller så er de så bra at bandnavnet Svölk held mål. Det vil me snart finna ut.
Falck understreker at medan eit born med navnet Gudmund eller Mildrid i det minste kan skulda på kjipe foreldre med ein langsiktig plan om å bryta ned avkommet mentalt, er band heilt og haldent sjølv ansvarlege for sitt navneval.
Å lukkast i musikkbransjen til trass for sitt eige elendige bandnavn, er ikkje desto mindre ærefullt, seier Falck.
- Det førsteinntrykket eit bandnavn gjer får konsekvensar. Det tok meg mange år før eg gadd å høyra på Yo La Tengo – rett og slett fordi eg trudde det var noko spansk drittrap. Eit band kan vera teit når det fyrst kjem, men kan plutselig bli ein del av kvardagen din, slik at ein til slutt ikkje tenker meir over det – som The Sex Pistols. Det krev ballar å kalla bandet sitt for Porcupine Tree, for du veit at det automatisk betyr at du startar med to strafferundar før starten går. Men då er det også ekstra kjekt å vinna.
Christer Falck ynskjer Svölk lukke til vidare i konkurransen – og avsluttar med ein ond latter.
Tags: christer falk, dårlige bandnavn, konkurranse, ndb, nominasjon, norges dårligste bandnavn, Svölk
Del "- Ingen kan trekka seg"
-
Fjes
-
Gjest
-
Nina
-
Gjest
-
Chris
-
Snikh
-
Ina
-
Gjest
-
Chris
-
Queensrÿche
-
Hoho
-
OMG
-
Georg Apenes
-
Erlend
-
Håvard
-
lexifer
-
http://sickel.net/blogg Morten
-
Didda
-
Reidar Sakseide
-
Gunn Rosita Hagabakken
-
marius
-
http://www.nrk.no/lydverket Maria Horvei
-
http://www.nrk.no/lydverket Jacob Krogvold
-
http://www.nrk.no/lydverket Jacob Krogvold
-
War Pigs
-
Erikperik
-
http://nrk.no/urort/Artist/TheSupervisors/default.aspx Stian Nilsen
-
mordi
-
Ikkemann
-
Stonerboy
-
http://www.nrk.no/lydverket/stem-pa-norges-darligste-bandnavn/ NRK Lydverket » Stem på Norges dårligste bandnavn!
-
John
