- Orda kom av seg sjølv
Jonas Alaska donerer innteketer frå ny song. Det same gjer Aleksander W. Åsgården, som inntil hendingane fredag aldri hadde skrive ein song. Høyr resultatet her.
Jonas Alaska fortel i eit intervju med Kulturhuset på P2 at hendingane i regjeringskvartalet og på Utøya gjekk sterkt inn på han. Artisten som er mest kjend for songen “In the Back Seat” seier han var ute av stand til å skrive om det som hadde skjedd dei første dagane. Han måla sitt første bilete på fire år, eit mørkt portrett, og spela golf for å koble av.
- Dei første dagene var det ikkje mogleg å gjere noko tekstmessig, det var for overveldande, og det er det fortsatt, seier Alaska.
Likevel har Jonas Alaska no klart å skrive songen “A Song for You “. Den er til dei etterlatne, dei som har mista det kjæraste dei hadde. Han seier det er inspirerande å sjå på samholdet, og spesielt syns han det var sterkt å sjå alle dei oppmøtte på Rådhusplassen i Oslo.
Jonas Alaska speler på Canal Street i Arendal i morgon og håpar folk set pris på songen.
“A Song for You” blir lagt ut på iTunes neste veke, alle inntekter går til Røde Kors.
Høyr opptaket av Jonas Alaska frå Kulturhuset på P2:
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Aleksander Walmann Åsgården sat som klistra til tv-skjermen under nattevakta som pleiemedarbeidar på fredag. Han blei fylt av inntrykk og følelsar, som han skrev ned neste morgen. Aleksander forteller at orda kom av seg sjølv:
- Eg har aldri skrive ein heil song før.
Aleksander Walmann Åsgården seier han har hatt musikk som hobby, og at han likar å klimpre på gitaren. Den første songen han skulle kome til å skrive kom til etter åtaka 22.07.
- Det var heilt forferdelig å få det live første natta. Det gjorde enormt inntrykk og ikkje minst var det spesielt å sjå korleis Noreg kom saman og knytta sterke bånd. Det var ein sterk miks av følelsar som sat ein støkk i meg.
Songen vart kalla “Don´t Let Go”, og handlar om å komme saman i det vonde og støtte kvarandre. Songen vart spelt inn på soverommet hos ein kompis og sent til mamma og ei tante. Då starta ballen å rulle. Ein onkel sente songen rundt til vener i musikkbransjen og i løpet av eit hektisk døgn, fekk Aleksander spele inn songen på Norsk Lydstudio i Drammen, der blandt anna Donkeyboy har spelt inn sine plater. Donkeyboy-bassist, Alex Garborg Ågedal, har medverka på “Don´t Let Go.
I kveld skal Aleksander spele sin første konsert på Fyrjam i Risør.
Lytt til Aleksander Walmann Åsgården – Don´t Let Go
Audio clip: Adobe Flash Player (version 9 or above) is required to play this audio clip. Download the latest version here. You also need to have JavaScript enabled in your browser.
Lydverket har tidlegare i veka skrive om songar som har kome til etter terroråtaka 22.07. Du kan høyre dei her.
Tags: Aleksander Walmann Åsgården, Jonas Alaska, Utøya
Del "- Orda kom av seg sjølv"
-
Ida
-
Lise Graarud
-
Kim Andersen
-
Isabell Alvsåker
-
Aleksander
-
Aleksander
-
Aleksander

