Fredag den trettande
Rebecca Blacks “Friday” er pÃ¥ alles lepper for tida, og no har 13-Ã¥ringen gÃ¥tt forbi Lady Gaga pÃ¥ YouTube. Kva rolle kjem internettfenomen eigentleg til Ã¥ spela i framtidas musikkindustri?
Det er godt gjort om du endÃ¥ ikkje har fÃ¥tt med deg 13 Ã¥r gamle Rebecca Black og hennar “Friday”, den siste vekas definitive YouTube-sensasjon. I løpet av den korte tida videoen til lÃ¥ta har vore tilgjengeleg pÃ¥ videonettstaden, har den blitt sett over 33 millonar gongar – det er rundt 10 millionar fleire klikk enn Lady Gagas musikkvideo til “Born This Way”.
Dersom du har vore vekke frÃ¥ nettet ei stund: Rebecca Black er ein amerikansk tenÃ¥ring som betalte 2000 dollar for Ã¥ fÃ¥ spele inn ein lÃ¥t og musikkvideo i eit “profesjonelt” studio. Dimensjonane av merksemda som følgde var det nok fÃ¥ som sÃ¥g for seg – den banale teksten, surrealistiske videoen og generelt platte gjennomføringa gjorde at latterleggjeringa hagla rundt den intetanande jenta, og via spreiing pÃ¥ diverse musikkbloggar og nettstader var meme-statusen snart eit faktum.
Tekstlinjer som “Yesterday was Thursday, today is Friday / Tomorrow is Saturday, and Sunday comes afterward” er kjapt blitt legendariske, medan lÃ¥tas sekund-for-sekund oppdateringar pÃ¥ dagens gjøren og laden har sendt nokon sine tankar i desse baner:
Internett-kjendisstatusen gjekk raskt over til verkeleg berømmelse, slik den ofte gjer i desse dagar, og Black har dei siste dagane vore travelt oppteken med TV-opptredenar og intervju. Låta kan lastast ned via iTunes, og det ser ut til at Rebeccas foreldre utan problem kjem til å tene inn summen dei la ut for at dottera skulle få realisert popstjernedraumen.
Fleire brukar no tilfellet Rebecca Black til å diskutere kva rolle internettfenomen og memer kjem til å spela i framtidas musikkindustri. Justin Bieber er blant artistane som er blitt oppdaga ved hjelp av heimelaga YouTube-klipp, Lily Allen og Arctic Monkeys i si tid vart populære via MySpace, og Chicago-bandet OK Go kan takka klikktala til sine ekstremt populære musikkvideoar for store delar av deira suksess.
Under bransjetreffet South By Southwest, som gjekk av stabelen i Austin, Texas førre veke, dreide ein av paneldebattane seg om korleis YouTube, sosiale nettverk og stremingtenester som Spotify endrar måten nye band og artistar slår gjennom på, melder Billboard. Her vart det mellom anna spådd at i det tradisjonelle nettverket av plateselskap, utgivar, manager og agent, vil selskapet vera det fyrste til å bli gjort overflødig, og streamingtenester sin anbefalingsfunksjon vil etterkvart spele ei svært stor rolle når det kjem til å lansere nye artistar.
På spørsmål om korleis internettfenomen som Rebecca Black vil kunne byggje seg ei reell karriere på bakgrunn av sin brå kjendisstatus, herska det likevel brei semje at det ikkje er nok å vere kjend for å vere dårleg.
- Du må verkeleg vera flink for å kunne slå gjennom og halde deg på toppen av listene for ein lengre periode, seier John Ingrassia, leiar for managerbyrået Vector Management.
Adrian Chen, redaktør for sladresida Gawker, er ein av dei som har følgd nøye med på korleis slår seg opp som internettkjendisar, og ikkje minst på Rebecca Black. Han seier til nettsida Tech Crunch:
- Eg trur at du som internettfenomen vert satt i ein memebås, noko som betyr at du berre gjer visse memerelaterte ting, som å selga produkt knytt opp mot memen din, eller er med i talk shows og spøker om memen din. Mainstream-industrien plukkar dei opp, med lett avsky, og kastar dei vekk når dei er lei av dei.
Talent er med andre ord framleis ein vel så viktig faktor som antall YouTube-klikk. Dersom nokon skulle vere i tvil.
Tags: Arctic Monkeys, born this way, friday, Internett, internettfenomen, Justin Bieber, lady gaga, Lily Allen, meme, ok Go, rebecca black, SXSW, YouTube
Del "Fredag den trettande"
-
Anders K.
-
Simon
-
http://p3.no/verdensstjerne-pa-48-timer/ p3.no » Verdensstjerne pÃ¥ 48 timer
-
Mona
-
Jack
-
s
-
http://www.nrk.no/lydverket Maria Horvei
-
http://mleko.beskidy.pl Kieth Printup
-
http://nrkbeta.no/2012/02/06/moro-badlipreading-en-veldig-darlig-leppeleser/ Moro: BadLipReading – en veldig dÃ¥rlig leppeleser
