skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
P2-kommentaren

Sutring eller fellesskap

Kvar skal ein leggje seg? I sutre- eller gje blaffen-fila? Eller kanskje i ta kampen opp-fila? Det gjeld korleis vi har det på jobben. Det gjeld korleis vi har det med vår dødelege sjel. Det gjeld kva samfunn vi vil ha.

Publisert 06.09.2002 15:15.

Av Astrid Brekken

Eg synest det er vanskeleg å vite korleis ein har det nå til dags. Ein skal helst ha det kjempeflott på så mange plan og vis. Og ved å tenkje positivt skal alt bli bra.

Men så har det seg slik at til og med været kan gjera oss deprimerte. Nå gruer vi oss til ein mørk haust. Steinaldermennesket – vart det deprimert av tåke og regn? Fann ikkje att buplassen, såg ikkje viltet?

Noko gneg på sjela

Eg snakka med ein lege for ei stund sidan, eg ville vite om det er sannsynleg at stress endrar hjernen, slik nokre svenske forskarar påstår. Eg fekk ikkje svar, men ei lekse om at folk sutrar for ingenting nå til dags. Han var møkklei av å høyre om dei utbrente. Motelidelse. Eg trekte følehorna til meg og kasta saka i kassa for resirkuleringspapir.

Men så snik det seg inn: så enkelt er det ikkje. Dessutan fortel hjerneforskarane oss at ein fiolinist får eit kraftig forstørra kontrollområde for venstrehandas fingrar i hjernen. Men eg treng ikkje gå inn i hjernen. Eg ser det rundt meg. Noko gneg på sjela. Og denne veka fekk vi veta at fleire enn før sjukmelder seg av psykiske årsaker her i landet.

Treng vi ein ny Chaplin, som kan vise oss den postmoderne pølsemaskinen? For det er noko gale i maskineriet, som det for så vidt har vore til alle tider. Noko blir retta på: arbeidsdagen vart kortare, inntektene meir rettferdig fordelte.

Nå slingrar det hit og dit, noko går til atters. Og vi har fått eit omkvede som forklarer det meste, om det dreier seg om godt eller gale: globalisering og marknadskrefter. Orda rullar over oss som skoddeballar inne i kjøkkenkroken, her vi sit med Morgenbladet og "Lykketyvene" – ny bok om, ja, nettopp, depresjon.

Ord kan dekkje til meir enn dei oppklarar. Dei kan også gje ei kjensle av maktesløyse.

Der folket tel

Eg synest vi skal hente fram Schumacher og boka hans frå 70-talet – "Smått er godt" - om ein økonomi der det er folk som tel. For den kjensla har ikkje folk i dag. Det er blitt umoderne med demokrati på arbeidsplassen. Enkelte leiarar har ikkje fantasi, dei hyrer inn konsulentar som ikkje kjenner landskapet og ikkje sjekkar kva sjel som ligg i veggene.

Arbeidslivsforskarar rett nede på jordet her på Marienlyst seier at "å trekke inn konsulentselskap skaper bare mye støy i organisasjonen. Ledelsen bør ha mot og tillit nok til å satse på egne ansatte for å lage utviklingsprogrammer."

Så kvar ramlar du ned? Som forklaring på at alt ikkje er så bra som det burde vera i dette beste av alle land, skuldar du på sutrete, kravstore arbeidstakarar, på eit rått arbeidsliv og udugelege leiarar, eller på globaliseringa og marknadsøkonomien? Eller på at marknadsliberalismen ikkje er liberal nok?

Eitt bilde av marknadsliberalismen er ei vogn utan bremser med kurs for stupet, det bildet stadfestar våre dommedagsmareritt: vi veit at kulturar oppstår og forgår, og at vi nok lever i ei endetid, sjølv om vi kom oss gjennom tusenårsskiftet.

Globale bremser

Den omvende kapitalisten George Soros prøver med bremser, nå også med følgje av Chirac som vi såg så søtt omfamna Mandela på toppmøtet i Johannesburg. Den franske høgrepresidenten har gått i fellesskap med Attac og vil ha Tobinskatt på den internasjonale valutahandelen.

George Soros har lenge vore forstøkt over det han har sett i kapitalismens buk, nå har han skrive boka "Om globalisering", og der seier han at når kapitalen når som helst kan flytte seg kvar som helst i verda utan å bry seg om dei sosiale følgjene, da blir verda meir ustabil. Det kan blant anna dei som har skapt produkta bak "Jordan vet hvordan" underskrive på. Men problemet er å få kontrollordningar som er globale. For medan marknadene er blitt globale, er politikken framleis nasjonal.

Ein amerikansk strategiforskar, Edwar Luttwak, skriv i boka "Turbokapitalisme" at vi er på veg til å få samfunn som er til for økonomien i staden for økonomiar som er til for samfunnet. Fortenestemotivet er innført på område der det tidlegare var uhøyrd: skolen, helsevesenet.

Men så sit vi her med ein gordisk knute: Dersom vi ikkje bremsar turbokapitalismen, kjem våre samfunn til å i oppløysing. Greier vi bremse, taper samfunnet i den globale konkurransen og det blir dårlegare tider for unge jobbsøkjarar.

Kva vel du så, pest eller kolera?

To tankar samstundes

Men med vår vedunderlege hjerne kan vi ha både to og fleire tankar i hovudet samstundes. Vi må kvitte oss med religiøs tru på økonomiske system, og vi må pusse på ord som fellesskap og solidaritet, og slutte å seia at dei er frå ei anna tid. Innhaldet i dei er gull. Kjære Thorvald Stoltenberg, du sa også det i eit intervju i Verdibørsen her i NRK P2 nyleg.

Men da må vi, som medmenneske, veljarar og forbrukarar, verkeleg klare å ha to tankar i hovudet samstundes: Litt mindre til meg, litt meir til fellesskapen. Jammen trur eg vi blir gladare av det også. Og så slepp vi byggje på huset for å få plass til alle anskaffelsene. Og med færre sølvskeier å pusse, blir det tid til å nyte fjellet, skogen, havet, haustfargane.

Sist søndag på høgfjellet såg eg ein grågåsflokk på to hundre ploge mot sør, snakkande, skiftande plass i elegant fellesskap mot blå septemberhimmel.

Og der i sør, på møtet i Johannesburg, la Jordan og Israel saman fram ein plan om korleis dei skal redde Dødehavet, som søkk med ein meter i året.

Kamp-fila heiter fellesskap, og turbovogna må få bremsene på før ho rasar utfor. For det er ikkje så morosamt, sjølv i Jaguar med mjuke skinnsete.


Av Astrid Brekken
NRK P2, laurdag 7. september 200

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no