skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
P2-kommentaren

Det frigjerande steget

Det finst store steg å ta for oss tenkjande aper, marknadsliberalismens dresserte aper. Lydig trålar vi butikkane, umerkeleg overtek vi marknadens meiningar og språk. Men dei kollektive utopiane – kvar vart det av dei?

Publisert 01.03.2002 15:39.
Av Astrid Brekken

Når barnet gret over bestevennens svik, når matteprøva gjekk skeis, har eg trøysta og sagt: Ta eit langt steg opp, få perspektivet, sjå deg sjølv i ein stor samanheng. Drukne deg ikkje i den mørke brønnen, ta det tenkte, frigjerande steget.

Det finst store steg å ta for oss tenkjande aper, marknadsliberalismens dresserte aper. Lydig trålar vi butikkane, umerkeleg overtek vi marknadens meiningar og språk.

Dei kollektive utopiane – kvar vart det av dei? Vi nøyer oss med dei egosentrerte: draumen om pengar, draumen om å lykkast. For nå har vi nådd ein tilstand der systemet vi lever med - kapitalismen – går i eitt med tapetet og framstår som røyndomen sjølv.

Vi godtek kvart nytt produkt som om det forenklar livet slik reklamen påstår: vi lyttar, lystrar, men lærer ikkje.

Vidunderlege nye verd

Zygmunt Bauman, polsk sosiolog, skildrar marknadsøkonomiens globalisering som eit førarlaust fly i fritt fall.

Eller kanskje sit den grenselause grådigskapen ved spakane. Dagens Næringsliv siterer Gordon Gekk, frå filmen om Wall Street og 1980-talets amerikanske børsboom: Greed is good – grådigskap er bra. Det er sjølve drivkrafta i kapitalismen. Men føyer til at det finst altså grenser for kor lenge applausen varer.

Applausen er slutt for Enron-sjefen Lay i USA, som sikra seg og sine millionar før selskapet ramla som eit korthus. Og for ABB-sjef Percy Barnevik i Sverige, 900-millionpensjonen har sendt han i den offentlege gapestokken.

Dei marknadsliberalistane som er edle av hjarta sukkar og gret over korrupsjon og kvitvask og skatteparadis og pensjonar som stinkar grådigskap og gutteklubb. For vi har det beste av alle økonomiske system, berre folk var ærlege og hadde sosialt samvet.

Men vi kan da avle fram ei rase som meistrar marknadsliberalismen, den kunnskapen sit vi straks inne med i den vidunderlege nye verda. Det rettferdige forbrukarparadiset er nær. Vi må berre modifisere mennesket aldri så lite. Det får meg til å tenkje på Pangloss, ein figur i Voltaires roman Candide: der er det eit helvetes liv, folk blir forviste, får stukke ut augo og skore av øyro. Når unge Candide let seg forskrekke av dette, leksar gamle Pangloss opp for han at vi lever i den beste av alle verder:

- Legg berre merke til korleis nasen er blitt skapt for å bera brillene, derfor ber vi også briller, seier Pangloss.

Så like logisk som at nasen er til for brillene si skuld er mennesket til for marknadsøkonomien.

Med buksene nede

Percy Barnevik
Merkeleg nok har ikkje ABB-styret gjort noko ulovleg. Men kven har styret og Barnevik tatt hans 900 millionar i pensjon frå? Dersom ABB har så mykje pengar til overs, kvifor får ikkje alle som arbeider i ABB høgare pensjon? Og korleis kunne det søkkjande skipet Kværner ause – riktignok mindre, men likevel store summar over sin avtroppande sjef? Ein svensk kommentator skriv at ei skamkjensle kjem for dagen hos både svensk LO og svenske næringslivstoppar, det er som om Barnevik har gjort noko langt verre enn å ta frå ABB-tilsette framtidsutsikter og gevinstar. Han er tatt med buksene nede. Så er spørsmålet: Kva ser vi?

Det er nettopp liberalismens og marknadsøkonomiens nederlag vi ser. Ein kapitalisme som løner eit lite fåtal med svimlande beløp, det store fleirtalet med smuler eller ingenting, og særleg i fattige land med verre enn ingenting.

Enkelte ynskjer altså gjera dette til eit spørsmål om moral. Kapitalismen i seg har inga skuld i slike grove overtramp. Men det ligg eit demokratisk underskot i kapitalismen. I dei fleirnasjonale selskapa har vi framleis det kongelege einevelde i fullt flor. Dei med mest makt i samfunnet styrer og steller utanfor politisk kontroll og veljarinnverknad. Det vi kallar demokrati er i ferd med å bli ei styringsform der makta glir over frå folket til marknaden og dei fleirnasjonale selskapa.

Demokratiet har store, mørke hol. Grådigskapens svarte hol. Skal vi sitja stille og la oss hypnotisere? Eller skal vi be om å få vite korleis økonomisk demokrati ser ut?

Gje oss ein dings

Men gje oss ein ny dings, så teier vi still. Pisk opp stemninga med prisen på matvarer og brennevin og bensin, så har vi nok å tenkje på. Så slåss vi mot kvarandre, vi nede på golvet med lønningsposane våre, kjeftar på bøndene, på dei som får eit betre lønsoppgjer enn oss. Så tek Ola og Kari seg ein tur til Sverige, sjølv om Sponheim har sagt det er "harry". Og alt er gløymt - til neste fallskjerm faldar seg ut over kveldens TV-rute.

Kommentarane etter Percy Barnevik-avsløringa inneheld også apokalyptiske vyer: Er millionane hans teikn på at eliten i næringslivet veit meir enn andre om kapitalismens endedagar, og derfor grafsar til seg frå eit konkurstruga system?

Dei som trur det får støtte av den politiske filosofen Immanuel Wallerstein, forfattar av essaysamlinga "Liberalismens død". Han meiner kapitalismen ligg på sotteseng, blant anna fordi det snart ikkje finst fleire fattige hjørne av verda att å plyndre. Gevinstane blir mindre, og dei blir delte på færre hender. Det fører til samfunn som liknar meir på Frankrike før revolusjonen i 1789 enn på moderne velferdsstatar. I året 2002 seier NHO i utspel om lønnspolitikken at auka ulikskap er eit gode. Trur vi på det?

Baklengs inn i framtida
Günther Grass

Det er mange år sidan milliardkapitalisten George Soros vart betenkt over systemet han hadde tent seg så rik på, og forfattarane av den tyske bestseljaren "Globliseringsfella", Martin og Schumann, seier at vi går baklengs inn i framtida. Befridde frå trugsmålet om proletariatets diktatur, blir det nå arbeidd desto hardare for å opprette den globale kapitalismens diktatur.

Landsmannen til Martin og Schumann, forfattaren Günther Grass, har lenge vore uroleg for den rå kapitalismen. Han vil ha fram at når ein ideologi blir einerådande, blir han dum. Sigerherren ser ofte ikkje kva ansvar som følgjer med, og da slår raskt dumskapen til: Kapitalismen har sigra over kommunismen, og står blank og naken framfor oss, aldri har kapitalismen synt oss eit så brutalt ansikt. Det er ingenting som treng forsvarast lenger, kapitalismen kan kvile i sin eigen siger og dumskap. Kommunismen gjekk til grunne. Held det fram slik, vil også kapitalismen gå til grunne, seier Grass.

Det er tid for den kollektive utopien.
Det er tid for å ta det frigjerande steget, der eigen navle ikkje lenger er sentrum, steget som får fram perspektivet, klarsynet og samanhengen.


Av Astrid Brekken
NRK P2, laurdag 2. mars 2002
Bearbeida for nett av Mie Sundberg


 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no