skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
Astrid Brekken:

Mamma, nå igjen

- Vi er på heilt feil spor, skreiv den kjende feministen Nina Björk i Dagens Nyheter 30. oktober.
- For samtidig som vi er frie har vi aldri så lite vondt i magen når vi leverer barna i barnehagen når dei er så små, så små, og dei gret kan hende ein skvett eller klamrar og klamrar seg til beina våre.

Publisert 25.11.2005 14:41. Oppdatert 25.11.2005 19:46.
Så var den svenske debatten i gang.
I Norge starta det laurdag 12. november. I Dagsavisen sa statsråd Øystein Djupedal at barnehagen er ei genial innretning, og at foreldra ikkje er dei beste til å oppdra barn.
Same dag i Dagbladet spurde ein ung far, Simen Tveitereid, ”Hva skal vi med barn?…. Når lykken er å finne en barnehage med lengst mulig åpningstid?”

Og så var det norske debatten i gang.

Barnehage=lykke

Før Dagsavisen gjekk i trykken ville Djupedal føye til et ”alene” – altså at foreldra aleine ikkje er dei beste til å oppdra barn.
Men det ville ikkje avisa.

Det dårlege samvetet ved barnehageporten utspelar seg igjen for open scene. Godt da å tenkje på at det store fleirtalet av barn skrik ikkje når mamma – eller pappa – går:
”Nå er tilvenningstiden lykkelig over, det er en ivrig liten hånd som vinker bak ruten når jeg går, jeg rekker ikke rundt svingen engang før hun blir utålmodig og hopper ned av benken for å leke ... Utviklingen hennes har skutt slik fart på den korte tiden hun har vært her – et stille lite enebarn begynner å lære seg å synge ut!”
Dette skreiv Kjersti Scheen, journalist og teiknar, i ei bok eg var redaktør for på 80-talet: ”Barn og jobb: Hvordan klarer vi det?”

Saus og gode oppskrifter

Da var det stor mangel på barnehagar, kort fødselspermisjon, og lite snakk om at også pappa kan ta seg av sine små, små barn.
Men er det ikkje stadig mamma vi ser for oss forlate eit hylande barn i barnehagen? Far glir unna som ein ål, bort frå farvatnet der dårleg samvet og blødande morshjarte skvulpar omkring. Kanskje bør mor lære litt av hans manøvreringskunster.

Da Nina Björk i Klassekampen gjentok kor sårt det er å gå frå den vesle, fekk ho ein tørr replikk frå forfattaren Grethe Nestor om at barn vil ikkje vera heime og lage saus frå grunnen av.
Men Björk har ein agenda som har drukna i det mange oppfattar som eit åtak på barnehagar og eit rop om at mor skal heim til barnet. Björk foreslår lik løn for ulikt arbeid, forbod mot heiltidsarbeid for småbarnsfedre og seks timars arbeidsdag. Ho spør om samfunnet er på rett veg. Vil vi at arbeidet skal ta så mykje av tida vår? Er det bra for vaksne og barn? Spørsmål det er all grunn til å koma attende til.
Diverre for Simen Tveitereid avviser han den debatten Björk etterlyser, hans rop er ”mamma, kom hjem”. Han vil vi skal granske våre hjarte og spørja kvifor vi fekk desse barna. Det fører oss til den rå biologien – ikkje til samfunnets – det betyr vår alles - vilje til å skape rom for barn.

Jongleringskunst

Visse ord må flaggast. Det er ordet dele, og det er ordet kort. Og la oss ta med ordet nyansar også.

Foreldra, der det er to eller fleire av dei, må dele på arbeidet med barn. Det burde vera sjølvsagt, men er det ikkje.
Arbeidstida i den perioden ein har barn under tre år må vera kort. Det er gledeleg at den nye regjeringa legg opp til førsøk med sekstimarsdag. Vi veit at svært mange småbarnmødre arbeider deltid. Og når det gjeld fedrene: om arbeidslivet i første omgang ikkje går så langt som Björk foreslår og innfører forbod mot heiltid for småbarnfedre, kunne starten vera å nekte dei overtid.

Di og mi sanning

Nyansane: det er gjerne ikkje himmel heime - eller i barnehagen. Dessutan skal vi hugse at det til eikvar tid er rundt 250 000 barn som deler dei fleste kvardagane berre med den eine forelderen. 7000 barn deler ikkje kvardagane med nokon av foreldra. Mange , mange tusen av desse barna er i førskolealder. Himmelen er variasjon, med fleire barn og vaksne enn familien byr på.

Det mest brennande spørsmålet er om barn har det bra.
At det for ein del barn er ein katastrofe å vera saman med foreldra, skal vi la ligge i denne omgangen.
Har dei det bra i barnehagen?
Professor Frode Søbstad ved Dronning Mauds Minne, høgskole for førskolelærarutdanning, har spurt dei litt større barna. 94 prosent av ungane svarar spontant at dei trivs. Denne forskaren har forska på barn i barnehagar i tretti år og meiner barn har best av å gå i barnehage. Store studier frå mange land viser at barn i barnehage utviklar seg raskare, blir meir sosiale, er flinkare på skolen.
Du treng ikkje leite lenge før du finn undersøkingar som hevdar det motsette. Det kom ein engelsk studie nyleg, ho som har leia studien er president i dagmammaforbundet og seier at barn i barnehage blir meir aggressive, triste og føyelege, og at barn under eit og eit halvt år ikkje bør gå i barnehage, men vera heime hos mor eller hos dagmamma.
Vi kan finne den førskolelæraren som ikkje vil ha sine barn i barnehage før dei er fire. Vi kan finne den førskolelæraren som vil ha sine barn i barnehage frå dei er eitt år – heller enn hos dagmamma.

Utopien trengs

Redsla for å dytte mor tilbake til kjøkkenbenken må ikkje hindre ein diskusjon om kva som er beste alder for barnehagestart. Vi kan ta sikte på rett til to års fødselspermisjon, med halvparten av tida øyremerka far. Det stiller store krav, særleg til fedre, arbeidsliv og statskasse. Men kvifor ikkje? Vi skal hugse at e itt års fødselspermisjon virka totalt utopisk for tretti år sidan.

Til den litt for grådige arbeidsgjevar og sjef: dersom det ikkje blir fødd barn, er det ingen til å kjøpe det du vil selja, ingen til å bruke det du skaper. Og kanskje har du óg barn og barnebarn?

Sett i eit større perspektiv er det ikkje så verst å få barn i Norge. Dersom eitt kriterium er talet på fødslar, ligg vi i øvste skikt i vår klasse. Samanlikna med land som Spania, Italia og Frankrike er vi på den grøne grein. Til så lenge. Det er ikkje tome ord at barna er vår viktigaste satsing på framtida - hugs det, alle kvinner med små barn. Stak ut kursen, still krav. Ikkje dyrk det dårlege samvetet, i den hagen gror ingenting.


P2-kommentaren, NRK P2, laurdag 26. nov. kl 16:50 2005

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no