skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 
P2-kommentaren

Besettelsen

Besettelse er eit ulovleg ord på nynorsk. Men det er rette ordet for det eg kjenner når eg blar i desse vanvittig sanselege bøkene og blada. Det kjennest også nesten ulovleg. Som engasjert samfunnsborgar bør ein lesa rapportar, aviser, seriøse bøker og tidsskrift.

Publisert 13.05.2002 13:07. Oppdatert 16.05.2002 17:06.
SE OGSÅ:
Av Astrid Brekken

Besettelsen grip meg særleg på denne tid av året, men kan ramme når som helst – i ein bokhandel, i ein bladkiosk, hos tannlegen, på galleri og museum, ute i det fri: det dreier seg om blomar, om hagen, om det som veks, det ville, sterke plantelivet.

Eg får anfall så sterke at eg ein vinter i New Yorks asfaltjungel tilmed gjekk på kurs hos ein kinesisk kunstnar for å lære og måle blomar og blad og høge tre med vassfarger på tynt, tynt papir.

Hagekunsten er så visst ikkje berre villskap og overdådige vekster. Hagekunsten er i slekt med arkitekturen og har sitt antikke opphav i eit innebygd uterom der steinlegginga her og der veksla med ulike former for vegetasjon.

Sissinghurst Garden i Kent

I renessansen og barokken vart dette utvikla til ei rekkje rom, gjerne med ein sentral akse, eit midtpunkt, med utløparar. Sjølv om romantikken braut opp den stive arkitekturen, fanst framleis dei ulike romma knytta saman av hagegangar.

Og slik også i dag. Ein berømt hage i England, Sissinghurst Garden i Kent, blir skildra i eit tilbakeblikk av forfattaren Vita Sackville-West – også kjent som forfattaren Virginia Woolfs nære venninne – Sackville-West skapte hagen saman med ektemannen Harold Nicolson for 70-80 år sidan:

Ho skriv:

"Vi var heilt samde om hovudprinsippet for hagen: ein kombinasjon av lange aksar i form av hagegangar, og intime, overraskande små geometriske hagar som opnar seg frå desse gangane, nesten slik rom i eit stort hus opnar seg frå lange korridorar. Det skulle vera ei svært streng formell planløysing, og total fridom i plantinga."

Vita Sackville-West, som døydde for førti år sidan, skreiv ei kjent og populær hagebok "In Your Garden". Og Sissinghurst Garden i Kent lever og kan gjestast.

Draumen om det grøne

Draumen om hagen skjer stadig oftare utan jord under neglane. Fleire og fleire bur i byar, og har knapt nok ei balkongkasse. Men hagebøkene sel som aldri før. I godstolen kan vi drukne oss i dei skjønnaste hagar, om vi har ein sjølve eller ei. Dette minner om kokebøker – dei sel også godt, men aldri har vi kjøpt så mykje ferdigmat som nå.

Også vi som har ein hage treng drøyme oss bort frå ugras og mislykka bed, fantasere om kva hage vi kunne hatt dersom kunnskapen var større, fantasien frodigare, fingrane villigare, ryggen sterkare, og tålmodet, tålmodet var av eit anna kaliber.

Og for å roe oss ned dersom det skulle skje at vi er ilskne og tungsinte ein dag eller tre, kan vi også ty til det grøne – virkeleg eller flat kopi: Ein professor ved Texas-universitetet har, i samarbeid med NASA, fått maksimalt stressa amerikanske astronautar til å kvile augo på vakre naturbilde på dataskjermane sine. På få minutt sokk det høge blodtrykket og nivået av stresshormonar, blir det hevda.

Duften av parfyme

Det skal helst vera eit vårbilde, med tre, vatn, grønt. Vinterbilde gjer ikkje same nytta. Ideen om hagen som lindrande og lækjande fanst tidlegare – da var det oftast hagar ved sjukehusa. Men da nervemedisinane kom, frå 1930 og utover, vart hagane umoderne. Tanken er henta fram igjen ved Landbruksuniversitetet Alnarp i Skåne, der er det laga ein stor terapihage der pasientar kan vera i mange veker og gjera det dei trivs best med – dyrke, luke, klippe – eller spasere omkring.

Eit lite råd i desse tider, når hegg og syrin og roser sender duftbølger mot oss: løyndomen er alltid å bruke same parfyme, til det blir eit personleg varemerke, skriv forfattaren Isabel Allende. Ho fortel om Cleopatra, som visste det, og i dette som i alt anna, ikkje gjorde det med måte.

I hamnene langs Nilen forkynte brisen timar på førehand at den forgylte båten hennar var på veg, angande av Damaskus-roser som dronninga dyppa både seg sjølv og segla sine i. Dersom du dregst i retning roser har vi ein parfyme i dag som er laga av mykje roser og litt sjasmin – og blir sagt å vera den dyraste – Joy.

Heligan-hagen i Cornwall

Nokre tar fatt i hagen med ein glød som ingenting stansar. Historia om Heligan-hagen i Cornwall er som eventyret om Tornerose, berre at denne hagen sov i sytti, ikkje hundre år. Heligan-hagen fekk rykte som eit klenodium alt på 1700-talet, og voks i takt med Englands ry som hagenasjon. Men hagen vart lagt brakk i samband med første verdskrig. Meir enn halvparten av dei som arbeidde i hagen døydde i skyttargravene i Flandern. Naturen tok tilbake hagen og forvandla han til eit ugjennomtrengjeleg kratt.

Men for drøye ti år sidan kom prinsen til Heligan-hagen, som var så tett at han måtte hogge seg veg. Han vart bråforelska, og djupt gripen av hagens historie og vemod. Han som vekte opp Heligan-hagen av dvalen var den nederlandske musikaren og popsangaren Tim Smit. Nå besøkjer over tre hundre tusen hagen kvart år, blant anna for å sjå den restaurerte viktorianske kjøkkenhagen, den einaste produktive i sitt slag i England.

Tim Smit har skrive boka "The Lost Gardens of Heligan", og han vil at hagen skal vera eit minne til ære for dei som arbeidde der før hagen forfall.

Draumen om peonar

Orkidear er i våre dagar det tulipanar var før – det var ei tid da ein sjeldan tulipan var like verdifull som eit hus. Nå kan uvanlege orkidear bli selde for over to hundre tusen kroner. Thailand er største eksportør.

I USA finst orkide-pensjonat der dei lagrar og passar orkideane dine når dei ikkje blømer. Så får du beskjed når ein knopp er på gang og kan hente blomen heim og stolt vise han fram.

Dei som elskar orkidear gjer det ikkje pent og forsiktig. For desse blomane framkallar lidenskap. Darwin var intenst opptatt av orkidear og alt det merkelege dei har funne på for å bli befrukta av insekt.

Det går ei historie i orkidékrinsar om Michihiro Fukashima, mannen som grunnla Japan Airlines. Etter ei tid fann han ut at forretningslivet var for rått. Han gjekk av, overlet store verdiar til kona og flytta frå henne til Malaysia. Med seg hadde han - dei to tusen orkideane sine.

Eg har ein hemmeleg draum om ein dag å vasse i peonar som angande opnar seg i all si mjuke, overjordiske prakt. Enn så lenge skjer det på forførerisk glansa papir. Eg kjenner besettelsen, men har kontroll. Berre orkidear skal eg halde meg unna.


Av Astrid Brekken
NRK P2, laurdag 11. mai 2002
Bearbeidet for nett av Mie Sundberg


 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no