skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Kjærteikn frå Herr Nokia

Store delar av det norske folk har ein mobiltelefon på innerlomma. Ein mobiltelefon er komprimert einsemd, ein trådlaus livmorsstreng til verda og kjærleiken, skriv kommentator Frode Grytten.

Publisert 22.11.2001 12:11. Oppdatert 22.11.2001 12:13.
Eg har ein finne i lomma, ein einsam, melankolsk finne. Når han blir for einsam, hender det at han pip. Når han er verkelig einsam, vibrerer han. Han heiter Nokia.

Etter ei tids mobiltelefonbruk og tilfeldige feltstudier av fenomenet, har eg komme fram til ein slags konklusjon: Ein mobiltelefon er komprimert einsemd.

Herr Nokia på innerlomma er komprimert einsemd. Oppladbar einsemd. Einsemd med standby-modus.

Vi er åleine

Og mobiltelefonen er eit postmoderne uttrykk for ein av dei grunnleggande eigenskapane ved det å leve. Når det kjem til stykket, så er ein heilt og fullt ÅLEINE.

Vi forsøker så godt vi kan å dekkje over dette faktum. I reklamefilmane finst det til dømes ingen einsame menneske. Heller ikkje i laurdagsunderhaldninga eller på Big Brother.

Heller ikkje på MTV finst det einsame menneske. Alle er med på svære festar der alle dansar med alle, alle flørtar med alle, og alle, så fort kamera er slått av, kjem til å ha sex med alle.

Men til slutt lét det seg ikkje skjule, i alle fall ikkje når vi til dømes ein regnfull dag sit åleine på eit hotellrom i ein by der vi nesten ikkje kjenner nokon. Jo, vi er ÅLEINE.

Grip din telefon

Då har ein to alternativ: Ein kan opne minibaren eller gripe etter mobiltelefonen. Begge er for så vidt komprimert einsemd. No er det sånn at mange grip etter begge, først minibaren og så mobiltelefonen.

Men vi er og blir åleine. Det er noko vi veit heilt frå barndomen av. Når vi som ungar går til sengs og skal sove, så er vi åleine. Vi ligg der i mørket og plutselig går det opp for oss at vi er åleine.

Derfor insisterer alle ungar på at døra inn til rommet skal vere open og ei lita strime av lys frå stova skal kunne sive inn. Tente lamper, latter, stemmer, eg er ikkje åleine, eg er ikkje åleine.

Døra på gløtt

Ein mobiltelefon er den der døra på gløtt, det vesle lyset som siv inn i displayet, stemmene som piplar ut av høgttalaren, ringelydane, pipinga frå ein ny sms, eg er ikkje åleine, eg er ikkje åleine.

Mobiltelefonen er ein trådlaus livmorstreng til verda. Vi finst til, nokon veit om oss, nokon passar på oss der ute i den varme stova.

Eg har sett det på flyplassar og tog og venterom. Sånne plassar der ein plutselig finst utanfor verda, over skyene, der ein bare er eit anonymt individ i eit venterom, der det ikkje ein gong er lov å bruke mobiltelefonen, livmorstrengen er kutta.

Rein refleks får folk til å gripe etter mobiltelefonen når det igjen er mulig å motta samtalar, sms, talepost, smilelogoar.

Jappebamsen

Ikkje rart svenskane i si tid døypte mobiltelefonen for jappebamse, ein litt kjølig, men god bamse som alle forretningsfolk kunne leggje inntil kinnet og kose med.

Det var vel òg ein av grunnane til at Ericsson tapte kampen mot Nokia. Ericsson satsa nesten utelukkande på business-marknaden. Men Nokia forstod det lenge før; det er sjølvsagt ikkje bare forretningsfolk som er einsame.

Eg trur ikkje det var tilfeldig at finnane først forstod dette og skufla inn ein heil masse finske mark på einsemda. Finnane kan alt om einsemd.

Telefon og tango

Og for å snakke i vide vendingar når det gjeld fakta om Finland. Finnane har to verkelig store oppheng: Telefon og tango. De elskar begge delar, og dei tuklar med begge delar på ein klossete, inderlig måte som eg ikkje har sett andre stadar på kloden. Og begge er uttrykk for komprimert einsemd.

Begge er kommunikasjonsformer utan fritt fall, utan full risiko. Ein kan nærme seg eit anna menneske utan å kommunisere direkte.

I tangoen treng du ikkje seie eit ord. Du kan bare trykkje deg tettare og tettare inntil partneren etter kvart som kvelden skrid fram. Og med mobilen kan du gjøre det same, du kan trykke deg tettare og tettare inntil partneren med nye sms-meldingar etter kvart som kvelden skrid fram.

Det er eit fenomen ein kan studere natt til søndag over alt i den vestlige verda: Einsemda blir forsøkt erstatta med tosemd. Og verkemiddelet er mobiltelefonen.

Men når inntaket av alkoholholdig væske er rimelig høgt, fører det til eit fysisk fenomen som mobiltelefonprodusentane gjerne har tenkt for lite på: Ut over natta blir tastane mindre og mindre og fingrane større og større. Min båt er så liten og havet er så stort.

Sånn er det. Men når ein først har innsett at ein er åleine ute på dette svære havet, så er ikkje det ein trist tanke. Tvert om. Fordi vi menneske har sjansen til å vera noko anna.

Bli eit menneske

Og vi blir menneske gjennom å vere saman med andre. Å vere åleine er å vere ingen. Å vere utanfor verda er å ikkje kunne vere nokon, ikkje ein gong seg sjølv. Det er først i møtet med andre menneske at ein blir eit menneske.

Eg har komme fram til at eg er for mobiltelefonar. For tango og mobiltelefonar og alt som kan få oss til å bli menneske. Få oss til å vere noko, få oss til vere nokon gjennom å vere nokon for andre.

Når det pip i lomma, når det vibrerar i lomma, er det nokon som hugsar på deg, nokon som vil ha kontakt, du er framleis med her i verda. Nokon har deg i si telefonbok, nokon har ditt nummer, ditt namn.

Kanskje er ikkje bodskapen djupare enn "husk å kjøpe kneippbrød" eller "kvar er du no?"

Berre kjærleik

Men eg trur det eigentlig er kjærleikserklæringar, det er kvardagens kjærleikserklæringar, det er tango på ein torsdag, det er kjærteikn frå Herr Nokia, ein kontant klem frå fru RingKontant.

Desse endelause samtalane om kvar du er, kvar er du no, jo no sit eg på bussen, no kjører vi akkurat over brua, no ser eg snart huset, ja, det er alt det vi snakkar om når vi snakkar om kjærleik.


Av Frode Grytten
Kulturbeitet, NRK P2, 22. november 2001

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no