skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Valets kvalar

I realiteten har Norge bare 9,5 politikarar som vert skyssa landet rundt i taxi, meiner Frode Grytten.

Publisert 11.09.2001 10:13. Oppdatert 11.09.2001 10:14.
Sånn cirka ein time ut i fredagens partileiardebatt, gjekk den grusame sanninga opp for meg. Fram til då hadde eg bare følt ei enorm lette. Lette over at det snart var slutt. Lette over at det gjekk mot sluttappellar og fotofinish på heile valkampen.

Lette, ikkje minst fordi eg personlig har kjent skam knytta til mitt manglande engasjement i ein av denna valkampens verkelig store saker: innslagspunktet for toppskatten.

Ny innsikt

Skal eg vere rystande ærlig: før denna valkampen ante eg ikkje at det eksisterte noko som heiter innslagspunktet for toppskatten. Det veit eg jo no, men eg slit framleis med å forstå kva som er så viktig med det.

Men fredagens lette var òg stor på politikaranes vegne. Partileiardebatten avslørte klare teikn til trøttleik hos fleire av dei folkevalte.

Rekrutteringsproblem

Det er ikkje rart. Norsk politikk ser ut til å ha eit rekrutteringsproblem fullt på høgde med til dømes Norges skøyteforbund.

Etter å ha fulgt valet i mange kanalar og i fleire aviser, har eg komme fram til at Norge pr i dag kun har 9,5 politikarar.

Senterpartiet har ein. SV har ein. Framstegspartiet har ein og ein halv. KrF har to - ein prest og ei dama. Arbeiderpartiet har to - ein som deler ut roser og ein som dei prøver å bli kvitt. Og Høyre har to - ein hetero og ein homo.

Høge taxiregningar

Når desse 9,5 politikarane skal sendast rundt med taxi i alle kanalar, på alle folkemøte, i alle avisredaksjonar og til alle skular som står til nedfalls, seier det seg sjølv at taxiregninga blir svindyr og politikarane full i mjølkesyre.

Likevel hadde den avsluttande partileiardebatten fredagskvelden eit sånt raust og rundhånda preg at eg på eit tidspunkt sat med kjensla av at NRK og TV2 hadde gått i samsending - at begge kanalar sendte: «Vil du bli millionær?»

Få milliardar

Allereie etter ein halvtime hadde partileiarane sett avgiftene ned til svensk nivå, auka helselønningane til sveitsisk nivå, rusta opp samtlige barneskular, kjøpt for millionar i røntgenmaskiner og politihelikopter, modernisert heile offentlig sektor og hjulpe mor under dyna.

Pengane sat så laust at Jan Petersen tok til å operera med omgrepet «noen ganske få milliarder».

Inn i transe

Akkurat då forvandla partileiardebatten seg umerkelig fra å vere ei utgåve av «vil du bli millionær?» til urpremieren på «Hjelp, jeg er hypnotisert».

Men eg var letta. Bare sluttappellane gjenstod. Bare dei siste løpesedlane i helga. Bare sjølve stemminga i dag.

Så... fred! Ro! Harmoni!

Ingen fleire tiltakspakkar. Ingen fleire skikkelige løft for verken den eine eller den andre. Ingen fleire innslagspunkt for toppskatten.

Ikkje slutt

Då var det at den grusame sanninga gjekk opp for meg.
Det er ikkje over. Det er ikkje slutt i kveld... Det er no det byrjar!!!!

For allereie i natt er dei tilbake i studio, nøyaktig dei same 9,5 politikarane. Allereie i kveld kjem dei til å bli kjørte rundt i taxi til absolutt alle radio- og fjernsynsstudio.

Same programleiarane

Og ikkje nok med det: der ventar nøyaktig dei same programleiarane, (for programleiarar er i alle fall ikkje på val).

Og så er det på ´an igjen: Kven skal danne regjering? Kven skal kampera med kven?

Og ikkje minst: Kva blir innslagspunktet for toppskatten?

Av Frode Grytten
Kulturbeitet 10. september 2001

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no