skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Når hurtighet er Gud

Hurtigheit er vår kulturs store gud, meiner Frode Grytten. Terror-aksjonane i USA den 11. september har sjokkert heile verda; og vår kommentator gjer seg desse tankane:

Publisert 20.09.2001 11:21. Oppdatert 21.09.2001 14:24.

Vår store Gud er hurtighet, skreiv den russiske poeten Vladimir Majakovskij.

Forrige tysdag såg eg Flight 11 og Flight 175 frå Boston komme krasjande inn i World Trade Center, og etter det første sjokket tenkte eg på dei orda: Vår store Gud er hurtighet.

I stor fart kom flyene susande frå nord, i stor fart blei forrige århundrets optimisme og framstegstru snudd til det nye århundrets pessimisme og redsle for framtida.

Hurtigheit sprer redsle

Vår ekstreme hurtigheit kunne utnyttast, ikkje bare til å gjøre verda mindre og økonomien meir effektiv, ikkje bare til å forflytte menneske og informasjon på kort tid, men òg til å spreie redsle og terror til ei heil verd i løpet av 18 direktesendte minutt på CNN og Fox News.

Vår store Gud er hurtighet, sa poeten Majakovskij.
Ei straff frå den allmektige Allah, sa terroristen Osama bin Laden.

Og det var med lommeknivar og stålstrengar flykaprarane kom seg forbi metalldetektorane og utanom radarane. Ingenting stansa dei: ikkje atomvåpen, ikkje rakettskjold, ikkje spaning til fleire milliardar amerikanske dollar.

Gamle våpen ramma

Menn med Messias-skjegg stakk gamle dagars våpen rett inn i hjarta på det postmoderne. Dow Jones-indeksen gjekk ned for teljing, dei to amerikanske fallosane kollapsa, porteføljeoversiktane gjekk opp i flammar.

Terroristane hadde tileigna seg kunnskap om vår store Gud, hurtigheita; angrepet måtte skje frå himmelen i fleire hundre kilometer i timen. Og det måtte skje på direkten. Bare gjennom tv kunne ein eksplosjon i New York bli til ein global eksplosjon.

Terrooristane er døde

No krevjer ein heil nasjon hurtigheit frå sin president. Noko må skje, nokon må bli tatt, dead or alive. Og presidenten er tydelig forvirra i sin westernretorikk. Han snakkar om at han skal få tak i dei som gjorde det, han skal røykje dei ut, han skal få dei til å springe.

Han ser ut til å ha fortrengt at dei som gjorde det, allerede er døde. Med all sin gamaldagse galskap og gudstru styrta dei inn i hurtigheita. No leitar presidenten fortvila etter ein fiende, ein sånn som dei hadde i forrige århundre, ein sånn som det går an å bombe tilbake til steinalderen.

20 World Trade Center kvar dag

Etter å ha pløygd aviser fulle av siste utanrikspolitiske utvikling, fell auga mine på ein artikkel nedst på sida. Der står det at kvar einaste dag dør 100 000 menneske av svolt og fattigdom. 100 000 menneske. Daglig rasar altså 20 World Trade Center saman i dei fattige landa.

Eg leser det og tenkjer: Når får vi sjå statsmenn som står med ein ropert i afrikanske flyktningeleirar for å erklære: "Vi skal finne dei ansvarlige for dette… Vi skal røykje dei ut og få dei til å springa… Vi skal kjempe mot fattigdom på alle frontavsnitt. Og tru meg: Vi skal vinne…"

Menneskelig liding

Ofra frå New York og Washington fyller avisene og sinna våre, og det er rett. Vi treng å bli minna på at det handlar ikkje om bygningar, det handlar om menneske, det handlar ikkje om øydeleggjing av infrastruktur, det handlar om menneskelig liding.

Og likevel: Den menneskelige liding som er eit resultat av svolt og fattigdom vil alltid forbli utan ansikt. Henvist til ein plass nedst på sida.

Og eg trur eg veit kvifor. Det er fordi dei fattige døyr så langsamt. De døyr så langsamt at vi ikkje har tid til å sjå.

For framleis er hurtigheit vår store gud.

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no