skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Frå kaptein til sisteval

Det finst knapt nokon verdig sorti for ein briljant fotballspelar. Diego Maradona liknar no mest på ein av figurane i Teletubbiane, og eksempla på forfall er mange. Denne veka la Jan Åge Fjørtoft fotballskoa på hylla, og det er nok ikkje berre enkelt for han heller, meiner kommentator Frode Grytten.

Publisert 06.12.2001 15:48. Oppdatert 02.01.2002 15:24.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Det blåser på topp. I alle fall om formasjonen er 4-5-1 og motstandaren heiter Ullensaker-Kisa.

Frå triumf til b-fotball

Den bortkomne fotballsonen Jan Åge Fjørtoft skulle denne sesongen vende heim i triumf for å føre Stabæk rett inn i den sjuande fotballhimmelen. Det enda med b-lagsfotball, psykisk knekk og krangel for open mikrofon. Fjørtoft skulle valse rundt med jernmenn i Rosenborg-forsvaret. Han måtte nøye seg med den flate firaren til Ullensaker-Kisa.

Cup er cup

Det var sjølvsagt ikkje noko vakkert syn å sjå ein fallert helt som direkte på tabloid-tv kravde kos, klem og karamellar på grunn av noko han ein gong i tida hadde prestert. Men det gjorde godt også. Elles svarar jo idrettsutøvarar og trenarar ingenting, absolutt ingenting. Det lengste dei strekkjer seg er å seie det dei har lært på siste tenk-positivt-kurs i Hemsedal: "nei, vi tar ein kamp om gangen", nei, vi fokuserer bare på arbeidsoppgavene, nei cup er cup".

Her var eit menneske, eit levande menneske, ein som tydeligvis hadde kjensler. Ein såra og pr-kåt sunnmøring som fortalde at han plutselig var redd for at journalistar skulle ringe. No hadde han riktignok ikkje skrudd mobiltelfonen heilt av, bare ned til lydlaus, men likevel.

Verdig sorti?

Det finst knapt nokon verdig sorti for ein god fotballspelar:
George Best endte opp som ein minibar på to bein.
Justin Fashanu hengte seg i ein sjabby garasje.
Eric Cantona blei feit og forferdelig.
Diego Maradona liknar no mest på ein av figurane i Teletubbiane, eit oppblåse vesen som pendlar mellom avrusningsklinikkar og avskjedskampar.

Det har blitt sagt om Maradona at han gjerne ikkje er som folk flest. Maradona har nok to hjernehalvdelar han òg, men i venstre hjernehalvdel er det kun fotball og i høgre hjernehalvdel ja, der er det ingenting. Den tidligare landslagsspelaren for England, Wilf Mannion, sa det sånn: "Når ein proff endelig legg fotballskorne på hylla, burde han skytast".

Nye karriereval

Kanskje har dei aller kjappaste av fotballspelarane ei framtid som trenar eller manager, i det minste som keepertrenar for Snåsa og Ullensaker Kisa. Kanskje kan spelarane med mest orden i sysakene bli pubeigar på Løten eller filialsjef i den lokale sparebanken. Og dei som er i stand til å formulere seg sånn passe muntlig, kan bli ekspertkommentator som med underlig diksjon forklarar oss dødelige kvifor det er så viktig ”å få døtta flescssht muli schpellere inn i boksschhen på dødballa”.

Aldri mei jubelnrus

det blir aldri det same. Det er over. Det er slutt. Aldri meir skal 30000 juble for deg bare fordi du kjem springande inn på det grøne graset i skinnande rein klubbdrakt. Aldri meir skal millionar av sofagrisar brøla bare du gjør ei lita finta, ei lita vridning med kroppen som sender den ufeilbarlige tyske midtstopparen ut på dei evige jaktmarker. Aldri meir skal hylande ungjenter stå utanfor gjerdet for å få et lite glimt av deg i det du væpna med silkedress og solbriller går nyvaska fra garderoben til endå meir nyvaska Jaguar.

Sistaval

Plutselig var det Jan Åge Fjørtoft sin tur til å bli ståande igjen aller sist på løkka, han som alltid hadde blitt valt først, han som til og med hadde vore kaptein for våre beste menn, landslagskapteinen.

Jan Åge Fjørtoft blei ståande igjen, han stod der forvirra og fortvila etter at både første- og andrevelgar hadde plukka sine spelarar. Og han reagerte på same måte som sistevalget har gjort i alle år, han blei pottesur, han blei gretten, han skulle slutte med fotball og han skulle rett heim for å sladra til mora, skulle han.

Heilt stille

I gårsdagens tabloidaviser var Jan Åge Fjørtoft si avgjerd om å leggje fotballskorne opp på hylla ikkje ein gong verdt ein liten notis. Og vi som før har fått servert absolutt alt om kvart einaste fjørtoft-spark, kvar einaste ny fjørtoft-kontrakt, kvart einaste knukke fjørtoft-ribbein.

Sistevalet blir alltid omfamna av ein einaste ting. Rungande stille.

Eg tippar at Fjørtoft allereie har fiska fram mobiletelfonen og skrudd ringevolumet tilbake til kraftig.

Av Frode Grytten
Kulturbeitet, NRK P2, 6. desember 2001

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no