skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
kommentar_3_1_banner
Her er du: NRK.no > Nyheter > Kommentar Sist oppdatert 16:09
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Stø kurs rett bakover

Familiebilen var eitt av symbola på framsteg og sosialdemokratisk velferd i 60-åras Norge. Men korleis står det til med den sosialdemokratiske draumen i dag? Arbeiderpartiet gjorde i år det dårlegaste valet sidan 1921, og Stoltenberg har bulka bilen.

Publisert 13.12.2001 17:40. Oppdatert 02.01.2002 14:45.
Det norske sosialdemokratiet kjører Saab 9.3. I september hamna Saaben i grøfta med bensinmålaren nesten nede på null, svikta av folk, fe og førstegongsvelgarar.

Bulka bilen

Men en ein eller annan må ha fått bilen opp igjen på vegen. For i forrige veke stod det på førstesidene at Saaben hadde begynt å gå laus på andre bilar. På ein kald parkeringsplass austpå skal Jens Stoltenberg ha rygga Arbeiderpartiet sin firmabil rett inn i ein vergelaus Volvo. Uten å leggje igjen sitt kjente namn og sikkert noko mindre kjente nummer kjørte eks-statsministeren bare vidare.

Sosialdemokratisk utopi i stål

Sjølv vaks eg opp i baksetet på ein Volvo PV. Far min henta han på jernbanen i Granvin ein vårdag i 1964. Velstanden hadde komme til Vestlandet. Framsteget. Framtida. Ein grå Volvo PV 544, ein svensk dagdrøm, ein sosialdemokratisk utopi gjort verkelig i stål, krom og fire trinns gearkasse.

Plutselig kunne vi kjøre kvar vi ville. Plutselig kunne vi reise på regnfulle teltferiar der alle blei sure på alle. Plutselig kunne vi leggje ut på endelause turar til besteforeldre i Sunnfjord der bror min sleppte unna hesjinga fordi han hadde høysnue og sånn høglytt markerte eit nysande brot med primærnæringa. Vi var blitt mobile, vi var blitt moderne, vi var blitt fri. Speedometeret gjekk til 180, og med PV´en kunne foreldra mine leggje kvardagen bak seg for nokre timar, gasse eit godt stykke forbi det trivielle og for første gong i vår slekt tenkje på tilveret som noko anna enn eit daglig strev og slit.

Nederlaget

Året 2001 kjem til å bli ståande som førebels endestasjon for den sosialdemokratiske drømmen. Ved valet mista Arbeiderpartiet ein tredel av velgarane. Ikkje sidan 1921 har partiet vore nede på eit så lågt nivå. Jens Stoltenberg måtte kravle ut av baksetet på statsministerbilen og skifte til Arbeiderpartiets Saab 9.3. Kjell Magne Bondevik kunne setje seg smilande inn og be sjåføren kjøre til næraste fjernsynsstudio.

- I har en avtale me Larry King.

Stø kurs bakover

Lettare panisk har Arbeiderpartiet forsøkt å rette opp skadane på karosseriet. Først var det reklamemannen Kjetil Try som blei utpeikt som syndebukk, bodbringaren hadde lagd ein altfor sjølvransakande valkampanje.

Så var det partisekretær Solveig Torsvik si skuld, partiets eigen mekanikar hadde ikkje halde kjerra fri for rust. I første og beste vegkross måtte ho forlate Saaben og gå vidare på eiga hand.

No dinglar redningsmannen Martin Kolberg som ei snor frå sladrespegelen, ein grå og duftfri wunderbaum som skal reinske lufta og sørge for stø kurs. Men Jagland vil svinge til venstre, og Stoltenberg vil fortsette rett fram. Eller kanskje rett bakover. Sånn går det gjerne når du har site for lenge inne i ein bil med sota vindauge. Du ser ikkje at vegen eigentlig er ein blindveg. Du blir bare opptatt av å klamre deg til rattet, halde på posisjonane.

Maktpolitikk

Sosialdemokratiet skapte velferdsstaten, ein unik norsk sosialisme. Men når det var gjort, hadde det heller ikkje meir å tilby. Bare eit tomt mantra om framleis AP-styre, framleis makt til partiet. Sosialdemokratiet handla ikkje lenger om politikk, bare om maktpolitikk. Sosialdemokratiet var ikkje i stand til å stille den svolten som eit stappmett folk framleis kjenner.

Frontkollisjon

Vår Volvo PV frontkolliderte nær Rosendal ein sommarkveld eit par år etter at vi fikk han. Grusvegen var altfor smal. Ja, så smal at sjåføren i den andre bilen fikk seg til å seie at når vegen var så smal, så stod det i forskriftene at ein skulle kjøre midt i vegen. Det hører med at fyren var på sin første kjøretur etter forrige kollisjon. Han kom faktisk rett frå verkstaden.

Eg hugsar korleis eg grein og grein, ikkje fordi nokon hadde blitt skadd. Mor mi stupte rett nok fram og knuste frontvindauget, men alt gjekk bra. Eg grein fordi eg trudde at vi kom til å bli fattige. Velstanden var over. Ein Volvo PV er imidlertid meir robust enn som så. Far min retta ut støytfangaren og vi kunne kjøre vidare. Bilen gjekk i mange år til. Ja, kanskje eksisterar han den dag i dag, susar på vestlandsvegane som eit grått veteranlyn.

Framsteget sin pris

Men litt av magien forsvann den sommarkvelden vi frontkolliderte. Vi var blitt sårbare. Vi var ikkje heilt fri likevel. Også framsteget hadde sin pris. Trettifem år seinare krasja det sosialdemokratiske prosjektet for godt, på ein parkeringsplass på Vindern. Med ein retningsvill Stoltenberg som ikkje såg i sladrespegelen, som gjorde skade for 8000 kroner, men som ikkje var i stand til å oppdage det.

Og om det ikkje finst annan kurs for sosialdemokratiet enn stø kurs rett bakover, så vil det bli ståande i historiebøkene: Nygaardsvold og Gerhardsen bygde landet, Jens Stoltenberg bulka bilen.

Frode Grytten
Kulturbeitet, NRK P2, 13. desember 2001

Siste saker:

 
Podkast. Ta med deg programmet
50 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no