skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Valg 05 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Innenriks > Valg > Valg 2005 Sist oppdatert 14:40
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

Samarbeidskomiteen

Ordninga med samarbeidskomiteen mellom Arbeidarpartiet og LO blir kritisert av tillitsfolk i LO-familien. Denne kritikken skakar neppe anten det raud-grøne prosjektet eller samarbeidskomiteen i seg sjølv. I alle fall ikkje på stutt sikt.

Publisert 25.08.2005 15:50.
Av politisk kommentator Bjørn Bø

Gamal misnøye med det tette samarbeidet mellom Arbeidarpartiet og LO dukkar på ny fram i valkampen. Kritikken blir målboren av sentrale forbundsleiarar med tilknyting til SV.

Dette er ein kritikk som så langt ikkje har hatt gjennomslagskraft.

Vel og merke med det unntaket at også SV får pengar frå LO.

Raud-grøn velsigning

Ein grunn til at det blir lite sting i kritikken no, er at partileiingane i Senterpartiet og SV ikkje ynskjer å dyrke konfliktar på det fagleg-politiske området no. Tvert imot så har det kome eit fornya godkjent-stempel på samarbeidskomiteen frå båe partia i dag.

Det gjer dei i kunnskap om at Arbeidarpartiet har lagt grunnleggjande vekt på nettopp å styrkje det fagleg-politiske samarbeidet etter det sviande valnederlaget i 2001. Dei vil ikkje herje med Arbeidarpartiet på ei så grunnleggjande sak no.

Utfordring

Likevel ligg sjølvsagt murringa i LO-familien der. Og den blir ein neppe kvitt. For her er det ikkje minst SVarar som gjerne vil vera med i dei viktigaste samarbeidsforum. Sentralstyremedlem i SV, og leiar i Transportarbeidarforbundet, Per Østvold, sa nett det i Politisk Kvarter i dag. Slikt kan sjølvsagt presse fram andre typer samrøre dersom dei raud-grøne skulle vinne valet enn det tradisjonelle når Arbeidarpartiet har hatt regjeringsmakt: Samarbeidskomiteen AP/LO og kontaktutvalet med partane i arbeidslivet.

Samhald?

Per Østvold snakkar om open debatt om samarbeidskomiteen. Sekretær i Arbeidarpartiet, Martin Kolberg, åtvara i dag mot kritikken, og appellerte om samla front mot åtak mot det fagleg-politiske samarbeidet frå dei borgarlege partia. Så enkelt er det neppe. Dette minner om det gamle ordet: "Hos dem som ikke trykker det som ikke kan undertrykkes er det nervene det er noe galt med." Den murringa som er kan neppe feiast under teppet.

Borgarleg vinst?

Den oppattnya debatten om samrøre mellom LO og Arbeidarpartiet er sjølvsagt eit takknemleg utgangspunkt for kritikk frå regjeringspartia og Framstegspartiet. Der meiner ein det er svært uheldig med for nært samband mellom eit politisk parti og ein organisasjon som står utanfor det politisk folkevalde systemet.

Mistenkeleggjeringane om "kokkelimonke" på løynde bakrom har vore sterke også før. Her er det heilt ulike syn i dei ulike læger på om samarbeidskomiteen saman med anna samrøre inkludert politiske avtaler er sterkt kritikkverdige, eller om det rett og slett er ei naturleg samling om felles interesser. Og korleis det oppfriska bålet no verkar på veljarane er sanneleg ikkje godt å sei.

Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Stoltenbergs mannskap

Erfaring er stikkordet for Stoltenbergs nye regjering, som presenterte seg for folket på Slottsplassen i Oslo i ettermiddag.

- Alle skal bli vinnere

- I motsetning til tidligere regjeringsforhandlinger, vet vi at vår plattform vil bli norsk politikk. Vi har flertall på Stortinget, sa Jens Stoltenberg.

Rødgrønn åpning i dag

Regjeringskameratene møtes i dag for første gang for å diskutere seg frem til det de har lovet skal bli en ny kurs for Norge.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Ungdommens drømmeregjering

NRK.no/nyheter har invitert ungdomspartiene til å presentere sin drømmeregjering. Resultatet finner du her!
Fylke for fylke

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.

Partienes historie

Vi leder deg gjennom våre ni største partiers historie.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no