- Ingen land er demokratiske, seier RV-leiar Torstein Dahle. Han meiner likevel at Noreg er det minst udemokratiske landet i verda.
Av
Kjetil Malkenes Hovland
- Det er ikkje folket som styrer Noreg, seier Torstein Dahle.
|
RV-leiar Torstein Dahle meiner ingen land har reelt folkestyre. |
Leiaren for Raud Valallianse meiner det ikkje finst eitt einaste skikkeleg demokrati i verda. Det sa han i partileiarutspørjinga i Her & Nå på P1.
I dag stilte RV-leiaren også i nettmøte på NRK.no.
Dahle meiner likevel at Noreg er det mest demokratiske landet i verda. Men han seier at det ikkje er politikarane som styrer utviklinga, det er det kapitalen som gjer.
- Det finst ingen folkestyrer
- Det er ikkje folk flest som styrer i noko land i verda i dag, seier Dahle, som toppar RV-lista i Hordaland.
I RV sitt partiprogram står det at folk må ta makta og styre over eigne liv. Dette vert kalla ein sosialistisk revolusjon. Dahle meiner det har vore fleire lovande døme på sosialistiske revolusjonar, men seier at dei fleste har gått gale etter ei tid.
- Nei, eg syns ingen har endt opp fint. Makt korrumperer, og det tek tid å utvikle eit samfunn, seier Torstein Dahle.
Han meiner det ikkje er RV, men det norske folket som må få til eit reelt folkestyre her i landet.
- For lite innverknad
- Eg trur mange nordmenn ser at dei har for liten innverknad på sin eigen kvardag, seier Dahle.
- Spør du til dømes folk om vi skal leggje ned fabrikkar i Høyanger og Årdal, så er eg sikker på at det er eit stort fleirtal mot dette. Spør du om vi skal ha soldatar i Afghanistan og Irak, så trur eg eit stort fleirtal vil ha dei heim, fortel RV-leiaren.
Kravet om profitt avgjer
På spørsmål om Noreg er eit skjult diktatur, svarer Dahle ja. Men han kan ikkje seie kven som er diktator i landet.
- Det er vanskeleg å peike på ein enkeltperson. Det er klart at norsk storkapital styrer veldig mykje. Men det er ingen enkeltperson som styrer landet, seier Dahle, som er utdanna økonom.
- Ei rekkje store avgjerder blir styrt av kapitalen sitt jag etter profitt, legg han til.
Mange spørsmål om krig
I nettmøte med Dahle ville mange spørje om RV si støtte til irakiske motstandsangrep mot USA sine styrker i landet.
"I Norge førte vi en væpnet motstandskamp mot de tyske okkupantene 1940-45. Vi må anerkjenne at folk i Irak har en tilsvarende rett," skriv Dahle. Han understrekar likevel at RV tek avstand frå bomber som råkar sivile.
Raud Valallianse er mot angrepskrig og okkupasjon og ynskjer å trekke norske soldatar ut av Irak og Afghanistan.
Trist med væpna revolusjon
Dahle er også lei av at omgrepet "væpna revolusjon" blir drege fram.
"Væpna revolusjon er en mediesak, som trekkes fram i valgutspørringer. Jeg vet ikke om at RV noen gang har gått inn for væpnet revolusjon," skriv Dahle.
Han meiner omgrepet kom til i ei anna tid. På 70-talet vart Chile sin president Allende avsett i eit blodig kupp, og kommunistar her heime snakka om at "folket" burde væpne seg. No dukkar omgrepet opp ved kvart val.
"Jeg synes det er ganske råttent," skriv Dahle i NRK sitt nettmøte. "Vi er mot terrorisme, vi er for at ting skal gå fredelig for seg, vi ble nettopp utropt til partiet med den beste fredspolitikken."