skilleTores Viking-blogg skilleAlt om Nokas-rettssakenskilleVæret i Rogalandskille_slutt
Val 2005 Rogaland 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Rogaland > Valg 2005 Rogaland Sist oppdatert 08:37
 

Høgre slit og Venstre har sett inn sluttspurten i Rogaland

Partiet Høgre har i Rogaland gått frå å vera valvinnar med 22,7 prosent oppslutning i sist Stortingsval, til å vera ein av taparane med 15,9 prosent i den siste lokale meiningsmålinga før valet. Samstundes sprett Venstre opp frå 4,2 til 5,9 prosent og overtar sistemandatet frå Senterpartiet.

Publisert 09.09.2005 16:06.
Av Ingvald Nordmark

Arbeidarpartiet ligg på eit trygt og høgt nivå i Rogaland. Dei har 24,1 prosent på siste målinga som Stavanger Aftenblad og Haugesunds Avis presenterer den 9. september. Det betyr at Tore Nordtun, Eirin Sund og Torfinn Opheim er klare for «tinget».

Rekord for Frp

Framstegspartiet ligg også an til å gjera eit rekordvalg. Dei var godt nøgde med 18,2 prosent sist gong. Nå får dei 23,5 prosent og dei har stabilisert seg over 20 talet. Førstekandidat Øyvind Vaksdal frå Karmøy får med seg Solveig Horne Kolnes frå Sola og Kjetil Solvik-Olsen frå Stavanger.

Høgre er skuffa

Høgre, saman med Senterpartiet, er mest skuffa etter målinga. Høgre går ned frå tre til to representantar, og det er langt igjen før den tredje, Siri Meling, kan spasera opp Løvebakken. Dei var største parti i 2001 i Rogaland med 22,7 prosent. Nå er dei på tredjeplass i fylket, og dei er nede på 15,9 prosent. Dei lek til Venstre, etter fokuset på at dei borgarlege kan få mange «gratisrepresentantar», dersom Venstre kjem over sperregrensa på fire prosent på landsbasis. Foreløpig er berre Bent Høie og tidlegare Haugesunds-ordførar Finn Martin Vallersnes klare.

Meltveit Kleppa kan vera ute

Senterpartiet misser sin representant, Magnhild Meltveit Kleppa, dersom 5,3% blir det endelege resultatet. Men ho har vore i hardt vær før. Sist val kom ho inn på utjamningsmandat. I tillegg har ho eit godt namn i Senterpartikretsar og ho har bak seg tre periodar på Stortinget, deriblant også ei tid som sosialminister i Bondevik 1-regjeringa. Kleppa plar koma på oppløpssida og karra seg med til Stortinget.

Stabile i KrF

Kristeleg Folkeparti klarer seg godt i valkampinnspurten. Rett nok viser målinga ein kraftig nedgang frå sist val. Då fekk dei 19 prosent, nå har dei 13,7. Men dei ligg stabilt mellom 12 og 14 prosent i dei siste målingane og det er omlag der KrF pleier å vera i eit av deira beste fylke. Dagfinn Høybråten og Bjørg Tørresdal er klare for nye periodar.

Langeland fortsatt aleine

Hallgeir Langeland er hittil den einaste for SV, som kjem inn frå Rogaland. 8,7 prosent er ein tidel mindre enn dei fekk for fire år sidan. Dei har lege høgare på målingane tidlegare i år, men dei merkar slitasjen i Rogaland, som dei gjer i resten av landet.

Kvassheim utanom utjamningsmandata

Venstre kan få inn ein kandidat direkte her i fylket. Det er langtfrå sikkert, for tidlegare i år har dei lege på 4-talet. Denne gongen spratt dei opp i 5,9 prosent. Det kan bety at hjelpa frå den nye vallova gjer sitt. Fleire høgt profilerte personar har den siste tida fokusert på at dersom Venstre kjem over sperregrensa på fire prosent på landsbasis, så vil utjamningsmandatsystemet gi Venstre og dei borgarlege 4-5 ekstra representantar på Stortinget. Dersom framgangen held seg, kjem ikkje nokon av dei frå Rogaland. For då er Gunnar Kvassheim inne som vanleg distriktsmandat.

Siste saker:
Siste saker:

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Bergsvåg ordfører i nye Vindafjord

Arne Bergsvåg fra Senterpartiet og Ølen blir ordfører i nye Vindafjord kommune.

Kom til feil valglokale

Mange kom til feil valglokale i Sandnes fordi kommunen sparer penger på ikke å sende ut valgkort. Det sier leder for stemmestyret på Trones, Martha Ulvund.

- Langeland må parkerast

SV sin energipolitiske talsmann, Hallgeir Langeland frå Rogaland, må parkerast i neste stortingsperiode. Det seier SV sin stortings-representant i Finnmark, Olav Gunnar Ballo, til avisa Dagens Næringsliv.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Rogalansbenken 2005-2009

Her ser du de 13 som skal representere Rogaland på Stortinget de neste fire årene.

Valgdebatter

NRK Rogaland sendte åtte valgdebatter i radio og tv. Her se og høre hva politikerne sa.

15 valglister

15 partier stiller til valg i Rogaland. Her får du navnene på alle som stiller til valg.

Best på nett i valget

Partienes nettsider blir vurdert NRK.no/nyheter har samlet et ekspertpanel for å vurdere kvaliteten på partienes vevsider før valget. Bare tre av partiene får godkjent. To skilte seg ut som klare vinnere.

Hva mener partiene?

Her kan du sammenligne hva partiene mener om de viktigste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

Store endringar i Rogaland

Resultata frå vala i Rogaland har lenge vore «høgrevridd». Tradisjonelt kjem både Frp og Høgre sterkare ut av valet i Rogaland enn på landsbasis. Om dette også blir fasit denne hausten gjenstår å sjå, men sikkert er det at regjeringspartia har fått svi i meiningsmålingane.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no