FrP gjorde tidenes val i Karmøy med nesten 40 prosent av stemmene. Likevel får ikkje FrP-kandidaten frå Karmøy plass på tinget.
Av
Otto Voldsund
Framstegspartiet får 37,1 prosent av stemmene i Karmøy. Likevel har ikkje FrP-kandidaten frå Karmøy, Bente Thorsen, plass på Stortinget. Ho er fjerdekandidaten for FrP her i fylket.
Nest størst i Karmøy er Arbeiderpartiet med 21,4 prosent av stemmene. KrF gjer eit dårleg val i kommunen som har vore ein av Kristeleg Folkeparti sine sterkaste. KrF får 14 prosent av stemmene i Karmøy. Også for Høgre går det dårleg i Karmøy, partiet får 11,9 prosent.