skilleBanner kroningsjubileet skille_slutt
Val 2005 M&R 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Val 2005 Møre og Romsdal Sist oppdatert 15:01
 

Meir usikkert enn nokon gong i Møre og Romsdal

Ei ny meiningsmåling tre dagar før valet viser at mange veljarar er på vandring mellom partia.

Av Odd Sørås. Publisert 28.06.2005 12:23. Oppdatert 09.09.2005 13:40.


Nokre sikre - fleire usikre

Ei meiningsmåling Sentio har gjort for avisene Tidens Krav, Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten viser at kampen om dei ni mandata frå Møre og Romsdal er hardare og meir uviss enn nokon gong før i valkampen.

Framstegspartiet (27,6 %)

er det største partiet i Møre og Romsdal. Harald Tom Nesvik og Lodve Solholm er sikre på stortingsplass, og med maksimal mobilisering er det ikkje heilt umogleg at dei får med seg Harald Valved.

Arbeidarpartiet (23,4 %)

får inn Asmund Kristoffersen og Karita Bekkemellem Orheim. Partiet vonar enno på å få sendt også Svein Gjelseth til Stortinget, men då må dei verkeleg mobilisere veljarane sine.

Høgre (16,5 %)

sikrar mandatet til Petter Løvik, men med denne veljarprosenten er Elisabeth Røbekk Nørve ute av Mørebenken.

SV (8,8 %)

har vore sikre på nytt stortingsmandat for Bjørn Jacobsen. Sannsynlegvis blir det slik, men partiet tåler ikkje å misse mange fleire veljarar før mandatet hans blir usikkert.

Kristeleg Folkeparti (8,6 %)

At KrF no står svakare enn SV i Møre og Romsdal, er oppsiktsvekkjande. Partiet har gått sterkt tilbake på meiningsmålingane, og vonene om at førstekandidat May Helen Molvær Grimstad skal få med seg Modulf Aukan til Stortinget er ute for lengst.

Senterpartiet (7,9 %)

har hatt framgang på meiningsmålingane i det siste, med aukande sjanse for at Eli Sollied Øveraas kjem inn att på tinget.

Venstre (6,9 %)

har ingen på Mørebenken no, men har auka oppslutninga ikkje så lite, og resultatet av denne meiningsmålinga gir Leif Helge Kongshaug utjamningsmandatet.

*****

Elles stiller desse partia liste i Møre og Romsdal: Raud Valallianse, Kystpartiet, Miljøpartiet De Grønne, Demokratene, Reformpartiet, Kristent Samlingsparti.

Dei fullstendige partilistene finn du her:








LENKER

 
VALG 2005 - SISTE SAKER
 
 

Her er den nye Mørebenken

Den nye Mørebenken (Montasje, NRK)
Desse ni er valt inn i Stortingsvalet 2005, og skal representere Møre og Romsdal dei neste fire åra.

– Lettare for Sp med svakare SV

Fylkesleiar i Senterpartiet, Kåre Hanken, meiner det blir lettare for partiet å gå inn i den nye regjeringa etter at SV gjekk kraftig tilbake.

– Bondevik gjorde moldenserne litt stoltere

Med statsminister Kjell Magne Bondeviks exit forsvinner Moldes store sønn ut av den politiske arena. Byen blir en viktig ambassadør fattigere.

 
Valg 2005

Hovedside for Valg 05

Valgresultatene

Test din stemme

Sammenlign partiene

Spør partilederne!

Næringspolitisk utspørring

Geir Helljesens valgskole

Partihistorie

Valg-Sudoku

Helljesens vanskelige valg-quiz

Valgfleskspillet

På radio og TV

 

Listetoppane på radio

Måndag og torsdag i vekene før valet var toppkandidatar frå vallistene gjestar i NRK Møre og Romsdal sine ettermiddagssendingar.

Nettmøte med listetoppane

NRK Møre og Romsdal har arrangert nettmøte med sju av topp-kandidatane på listene til Stortingsvalet her i fylket.Her finn du kva dei har svart på spørsmål frå veljarane.

Stortingsvalet 2005: dette bør du vite

Det blir færre frå Møre og Romsdal på Stortinget enn før. Les om følgjene av den nye valordninga:

Stortingsvalet 2001 og Mørebenken 2001-2005

I 2001 jubla Høgre, FrP og SV over framgang, men KrF var blitt det største partiet i Møre og Romsdal.

NRK.no/nyheter gir deg oversikten over hva partiene mener om de viktigste politiske sakene.

Geir Helljesens valgskole

NRKs valgveteran gir deg et lynkurs i valgkunnskap. Noe du lurer på? Valgskolen finner du her.

NRKs valgdekning

Valgkampen på TV, radio og nrk.no.
10 SISTE VALGSAKER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no