Det er stor interesse før oppgjeret mellom Bryne og Viking søndag. Dei 2 500 sitjeplassane er nær seld ut, seier marknadsmedarbeidar i Bryne Fotballkklubb, Britt Jorunn Liland.
Liland seier dei trur det kjem rundt 8 000 tilskodarar, men ho håper på minst 10 000. Bryne er årets beste heimelag, medan Viking er årets beste bortelag i eliteserien.