Erik Nevland berga eitt poeng for Viking like før slutt.
I kampen mot Sogndal var Viking tannlause, upresise og usikre på kva dei skulle gjera på banen. Det var ingen medaljekandidat som viste seg fram for heimepublikum.
Sportsleg sett har 2002 vorte ein nedtur for Viking. I fjor blei det både cuptriumf og bronsemedalje i serien. Nå er laget ute av cupen og på fjerdeplass i serien. Likevel er trenar Benny Lennartson nøgd med sesongen.
Vikingkeeper Frode Olsen klamrar seg til håpet, men det er ikkje mange som trur på vikingmedalje nå. Det er seks poeng opp til Molde på bronseplass.
Bryne
Bryne tapte 1-0 for Moss på Melløs. Dermed er Bryne nede på fjerde siste plass på tabellen. Og det betyr ein tøff haust der det handlar om å unngå nedrykk, seier trenar Reine Almqvist.