skilleRadio på nettskilleLes om oss!skilleTopp promo Sportskille_slutt
Toppbanner Møre og Romsdal sport 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Møre og Romsdal > Sport NRK Møre og Romsdal Sist oppdatert 14:08
VÊR
TRAFIKK
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
 
SØK LOKALT PÅ:
 
 

- Molde undervurderte AaFK

Spelarane og publikum til Molde undervurderte Aalesund. Det meiner sportsleg leiar i AaFK, Reidar Vågnes.

Publisert 23.06.2003 07:41. Oppdatert 23.06.2003 10:33.
SE OGSÅ:
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
AaFK tok leiinga 2-0 tidleg i kampen, og greidde denne gongen å stå distansen ut med sigersmålet langt på overtid.

Vågnes seier det var tydeleg at Molde ikkje trudde det var mulig å tape for AaFK.

- Dei visste ikkje heilt kva dei gjekk til. Eg synes ikkje spelerana var godt forberedt, seier Vågnes.

Reidar Vågnes legg vekt på at AaFK scora sine to første mål som resultat av sine sterke sider, nemleg farta til Morten Moldskred og luftstyrken til Tor Hogne Aarøy, noko Molde burde vere klar over.

- Spelarane tok oss ikkje heilt på alvor, fortsetter han.

Odd Berg
- Molde trudde ikkje at AaFK kunne vinne, seier Reidar Vågnes
Molde-trenar Odd Berg seier dei var klar over dette, men at dei ikkje prioriterte det defensive, men at dei ville angripe.

Berg meiner Molde var det førande laget i store delar av kampen, men at dei misbrukte alt for mange målsjansar.

Publikum frå Ålesund dominerte tribunen fullstendig i går kveld, noko som også var avgjerande for kamputfallet meiner Reidar Vågnes.

Det var 11 167 tilskodarar på stadion. Med andre ord: Fullt hus. Og det var den oransje fargen som dominerte fargebildet.

- Det er viktig for oss som jobbar i AaFK at publikum støttar oss, sier Reidar Vågnes.

Molde greidde ikkje å mobilisere på den same måten som AaFK makta.
AaFKs Øyvind Gjerde scorer her seiersmålet på Molde stadion og Ålesund vinner dermed sin første kamp i elieteserien

LENKER
Siste saker:
Flere saker: ALT OM AAFK
Siste saker:
Flere saker: ALT OM MOLDE FK

 
10 SISTE FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
5 SISTE SPORT FRÅ NRK MØRE OG ROMSDAL
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no