|
Det avgjerande målet.
Foto:Gunnar Sandvik |
Øyvind Gjerde frå Åndalsnes blei den store helten på Molde stadion då han laga 3-2 målet til AaFK mot storebror frå Romsdal. Målet kom fleire minutt på overtid etter at Daniel Berg Hestad hadde utlikna- også det på overtid.
Molde misbrukte fleire store sjansar i 2.omgang. Morten Moldskred laga 1-0 for AaFK etter 14 minutt. Berre minuttet seinare heada Tor Hogne Aarøy inn 2-0 for gjestane frå Ålesund. David Ljung reduserte til 2-1 etter 27 minutt.
Det var handgemeng mellom Molde-keeper Eddie Gustafsson og AaFK-spiss Tor Hogne Aarøy etter ein duell mellom dei to etter ein drøy halvtime. Ingen fekk gult kort, og motvilleg gjekk dei med på å ta kvarandre i handa etter oppmoding frå dommar Kjell Alseth. Christian Steen (AaFK) fekk kampens første gule kort etter ei tøff takling.
|
Foto:Gunnar Sandvik |
Fotballfest
Alt låg til rette for fotballfest i Molde denne ettermiddagen. Ferjene gjekk fullstappa mellom Vestnes og Molde i heile ettermiddag. Folk reiste tidleg frå Ålesund for å posisjonere seg til kamp. Då NRK Møre og Romsdal kom til ferjekaia på Furneset i 13-tida var det allereie "kaos" med parkerte bilar, bilar i ferjekøen og folk i oransje. For det var tango-trøyene som dominerte bildet. Ikkje berre på ferjekaia og om bord i ferjene. Også i Storgata var det lite blått å sjå før kampen.
|
Foto:Gunnar Sandvik |
Historisk kamp
Dette er ein historisk kamp, etter som laga aldri før har spelt mot kvarandre på dette nivået. Molde har vore meir eller mindre fast i toppdivisjonen sidan opprykket i 1973, medan AaFK er førstereisgutar på dette nivået.
Sist laga møtte kvarandre i seriekamp var i gamle 2.divisjon (no 1.div.) i 1983.