Innbyggjartal og storleiken på fylka skal vere avgjerande for kor mange stortingsrepresentantar Oppland og Hedmark skal ha i framtida. Kvart åttande år skal ordningen evaluerast.
Av Torvild Sveen
Det er harde taugtrekkingar mellom partia på Stortinget om den nye valloven. Senterpartiet, Arbeidarpartiet, SV og Kristeleg Folkeparti står på den eine sida, medan Høgre og Framstegspartiet står på den andre.
Innbyggjartal avgjerDei fire partia har altså fleirtal, men ikkje stort nok fleirtal til å endre Grunnlova. Til det må det vere eit fleirtal på 2/3 av representantane. Men i forslaget frå fleirtalet, som truleg vil danne hovudessensen i den nye valloven, vil arealfaktor vere avgjerande.
Dette innebčr at det er storleiken på fylket, altså antall kvadratkilometer, som skal liggje til grunn. Den vil liggje fast. Den variable faktoren er innbyggjartalet. Alt ettersom kor mykje inn- eller utflytting eit fylke har. Saksordførar for saka på Stortinget, Kjell Engebretsen(Ap) seier dei folkerike områda ikkje må vinne kampen om Stortinget på distriktenes alter.
- Ein må hugse at sjølv om det er mykje folk i sentrale strok, er det store areal i distrikta. Viss vi berre skulle sett på innbyggjartalet, ville Distrikts-Noreg kome uheldig ut. Men slik vil altså ikkje vi i fleirtalet at det skal vere, seier Engebretsen.
Ein meir til OpplandLegg ein dette til grunn vil altså Oppland få ein stortingsrepresentant meir enn i dag. Då vil totalen vere åtte representantar, det same som Hedmark har i dag. Årsaken til at Oppland får ein meir, er altså storleiken på fylket som gjev dei meir makt. For Hedmark vil det ikkje bli nokon endring i dag. Men det kan skje, når valordninga evaluerast om åtte år.
- Om åtte år vil vi nok ein gong sjå på innbyggjartalet. No tvilar eg på om nokon vil flytte bort frå Oppland og Hedmark, men skulle det skje vil det bli regulert kvart åttande år. Det vil si meir innflytting inneber fleire representantar, utflytting kan resultere i færre, seier Engebretsen.
169 representantarDen nye valordninga inneber at det vil vere 150 distriktsrepresentantar og 19 utjamningsmandat. Fylkesvis vil endringa sjå slik ut med fleirtalets forslag. Vi gjer merksam på at enkelte fylke har utjevningsmandat:
Akershus 16 (+1)
Oslo 16 (+1)
Rogaland 13 (+2)
Sogn og Fjordane 5 (0)
Sør-Trøndelag 10 (0)
Telemark 6 (0)
Troms 7 (+1)
Vest-Agder 7 (+1)
Vestfold 7 (-1)
Østfold 8 (0)
Buskerud 9 (+2)
Aust-Agder 4 (0)
Finnmark 5 (+1)
Hordaland 15 (-2)
Møre og Romsdal 9 (-1)
Nordland 10 (-2)
Nord-Trøndelag 6 (0)
Hedmark 8 (0)
Oppland 8 (+1)
Høgre på vippen
Det er Høgre og Framstegspartiet som sit med jokeren i dette spelet. Mandatfordelinga har ikkje vore endra sidan 1952 og heile Stortinget er altså samde i at det er naudsynt å betre på situasjonen.
Men Høgre vil fyrst og fremst at det er antall veljarar som skal telje, men dei kan og vere med på å stemme for eit arealtilskot, berre det blir så lågt som mogleg. Forslaget er i dag 1,8 som ein faktor. Onsdag er det gruppemøter i dei enkelte politiske partia på Stortinget, og ein endeleg lov vil truleg bli forma i løpet av kvelden.