Fylkestingsvalg i Oppland Publisert 05.06.2003 08:37. Oppdatert 15.09.2003 19:02.OM OPPLANDOppland har per i dag vel 180.000 innbyggere og 26 kommuner. I hovedsak kan en dele fylket i fem regioner. Av disse er det to hoveddalfører; Valdres og Gudbrandsdalen. I tillegg kommer Gjøvik-regionen, Lillehammer-regionen og Hadeland.
POLITISK SITUASJONDe siste fire åra har vore ei omskifteleg tid på fylkestinget i Oppland. Hans Seierstad frå Senterpartiet tok over som fylkesordførar etter Lars Skjølaas (Ap).
Dette er den fyrste ikkje-sosialistiske fylkesordføraren sidan starten på fylkeskommunen i 1976. Senterpartiet fekk posisjonen etter eit valteknisk samarbeid med dei borgarlege partia, Høgre, FrP, Venstre og KrF.
Men det har ikkje vore utan sverdslag av den grunn. Senterpartiet har gått eigne vegar og mellom anna samarbeida med Ap og SV i fleire saker på fylkestinget. Samstundes har fylkesordføraren vore sterkt kritisk til kva regjeringspartia KrF, Høgre og Venstre har gjort. Dette har skapt sterk debatt mellom partia.
AKTUELLE SAKERSal av fylkeskommunale aksjar i energiverka har vore ein sentral debatt, der fleirtalet er samde om å halde på aksjane. Ei rekkje kommunar har sagt ja til å selge sine eigardeler, noko som har vore sett på som å selje det mange kallar arvesølvet.
Det er og sterk strid i Oppland om organiseringa av dei vidaregåande skulane. Mellom anna finnes det fleire skular i Gudbrandsdalen som kan gå ei vanskeleg tid i møte. Men så langt har eit spleiselag mellom fylkeskommunen og kommunane sikra drift av Hjerleid vidaregåande skule på Dovre.
Den nye organiseringa av fylkeskommunen set sterke krav til politikarane. I Oppland går dei no bort frå hovedutval, no skal dei i staden arbeide i komitear, på tvers av faggrensene dei hadde tidlegare.
Fylkeskommunen skal og styre meir av pengesekken sjølv, etter at Kommunal- og regionaldepartementet ga dei større friheit til å styre. Eit av punkta partiane må drøfte er kva dei skal bruke handlefridomen på 120 millionar kroner til.
FYLKESTINGET I 1999-200337 representantar er med i seks ulike parti. Dette er Senterpartiet, Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet, Venstre, SV og Kristeleg Folkeparti.
Dei same partia stiller til val no, men dei får konkurranse frå to andre parti, nemleg. Men det er ein del nye andlet i det nye fylkestinget. Både Sp, SV og Høgre har nye toppar.
Det er Anne Tingelstad Wøien (Gran), Aksel Hagen (Lillehammer) og Harald Westby (Gran).
Berre Westby sit i dagens fylkesting, medan dei to andre har vore lokalpolitikarar i ei årrekkje. Tingelstad Wøien er medlem av sentralstyret i Sp og Aksel Hagen er fylkesleiar i Oppland SV.
Arbeidarpartiet stiller med Audun Tron (Lillehammer) på topp, mannen som tapte plassen til Hans Seierstad sist. Frp har og den same på toppen, Morten Ørsal Johansen (Vestre Toten).
LENKER
|