Senterpartiet med Signe Dyrkolbotn i spissen gjer eit svært godt val i Hornindal. Partiet fekk 41,9 prosent av røystene.
|
Bjørn Lødemel har tapt oppslutnad. |
Sitjande ordførar Bjørn Lødemel frå Høgre må berre innsjå at partiet går tilbake med over tre prosentpoeng til 29 prosent oppslutnad. Lødemel har vore ordførar i Hornindal gjennom åtte år. Signhild Dyrkolbotn er trygdesjef i kommunen og har tidlegare vore rådmann i Hornindal.
Høgre og Senterpartiet har vore jamstore i kommunestyret med seks representantar kvar tidlegare. Med dette resultatet får Senterpartiet sju og Høgre seks medlemer der.