Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Val 2003 Sogn og Fjordane 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2003 Sogn og Fjordane
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK SOGN OG FJORDANE I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6800 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42
Distriktsredaktør

 

Sp-siger i Solund

Senterpartiet gjorde eit brakval i Solund, med 36,2 prosent av røystene og ein framgang på 24,3 prosentpoeng i høve til kommunevalet for fire år sidan.

Publisert 15.09.2003 21:32. Oppdatert 16.09.2003 00:04.

Sjå valresultatet for Solund


Av Ivar Longvastøl.

Dermed ligg det an til at Gunn Åmdal Mongstad kan bli ny ordførar, dersom Senterpartiet går i allianse med Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti.
Til saman har desse partia no åtte av totalt 15 representantar i det nye kommunestyret i Solund.

Utan politisk erfaring

Gunn Åmdal Mongstad er utan politisk erfaring, men som engasjert lærar er ho ei kjend og godt likt kvinne i øykommunen. Det er 15 år sidan ho og ektemannen, som er økonomisjef, kom til kommunen. "Solund" til 1000" er hennar fremste kampsak, og det inneber at ho vil arbeide for at talet på innbyggjarar skal krype over tusentalet att.

Elendig for Ap

Arbeidarpartiet har gjort eit elendig val og står att med 8,4 prosent, som er ein tilbakegang på heile 23,5 prosentpoeng. Dermed må Ap nøye seg med ein representant i kommunestyret.

Også Høgre opplever ein dramatisk tilbakegang. For fire år sidan hadde partiet 50,7 prosent, og er no nede i 31,9 prosent. Dermed skal det halde hardt om Edel Færøvik Bontveit får overta ordførarklubba etter Steinar Krakhellen som gir seg etter denne perioden. For Høgre er situasjonen meir normalisert, etter protestvalet for fire år sidan då partiet opplevde ein uvanleg framgang.

Bra for FrP og SV

Framstegspartiet kjem inn i kommunestyret med to representantar. FrP var ikkje med for fire år sidan. Sosialtisk Venstreparti er om like store som FrP, og kan også vise til framgang i høve til siste lokalval.

LENKER
Siste saker:

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Ordførarkabalane er lagt

Ordførarkabalen er klar i alle kommunane i fylket. Her kan du få oversikten over alle kommunestyra og ordførarar i fylket etter valet i haust.
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Alle artiklane frå Val 2003

Her kan du sjå den oppdaterte lista over alle artiklane frå valet 2003 i Sogn og Fjordane (klikk "Meir"):

Skråblikk på valet

Det er som oftast røynde, gråspetta menn som meiner og synsar når det er valkamp og val. Vi ba den yngste jenta i redaksjonen vår om å ha skråblikk på valkampen.

Eit spørsmål om å vere interessant

Då staten tok over sjukehusa mista fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt beste virkemiddel for å gjere seg interessante for folk flest i fylket. Det store spørsmålet er korleis dei skal gjere seg interessante i framtida.

Møt politikarane på internett

Nettmøta kan du følgje direkte på valsidene våre på internett. Svara frå politikarane finn du etterkvart her.

Heimesidene til partilaga

Her finn du lenkjer til dei politiske partia som stiller lister i Sogn og Fjordane.

Kommune- og fylkestingsval 15. september

Kommune- og fylkestingsvalet i 2003 skal haldast måndag 15. september. På desse sidene kjem artiklar frå Sogn og Fjordane om valet. Framfor valet er det gjort ei rekkje endringar i Vallova:
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no