Skilletoppknapp fylkesleksikonSkilleNynorsk mediesenter GUL logo toppknapp 115pSkilleLokalradio på internett toppknappSkille_slutt
Val 2003 Sogn og Fjordane 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Distrikt > NRK Sogn og Fjordane > Val 2003 Sogn og Fjordane
Valg 2003
Alt om valg 2003.
Alt om valget i ditt distrikt:
NRK SOGN OG FJORDANE I LYD OG BILETE
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
NRK Sogn og Fjordane
Boks 100,
6800 FØRDE
Tlf: 57 72 42 42
Distriktsredaktør

 

Brakval for rappkjeftane i Ap

Harry Mowatt
Harry Mowatt
Harry Mowatt i Hyllestad, Knut O. Aarethun i Lærdal og Kjartan Longva i Høyanger har alle gjort eit brakval i heimkommunane sine.

Publisert 16.09.2003 08:57.
Av og

Og trioen har meir til felles. Dei er tre av dei mest markerte og rappkjefta politikarane i Arbeidarpartiet her i fylket.

Positivt overraska

Sjølv er dei overraska, men heilt tilfeldig kan det ikkje vere. Harry Mowatt, fjerdekandidat til fylket, og mangeårig Ap-mann har i Hyllestad auka oppslutnadane til Arbeidarpartiet med nesten 10 prosent på heimebane. I Høyanger har Kjartan Longva, som lokalt har markert seg som ein redningsmann for arbeidsplassane i heimkommunen, gjort reint bord og sikra Arbeidarpartiet fleirtal i kommunestyret. I Lærdal har den tidlegare fylkesordføraren Knut O. Aarethun gjort comeback i kommunepolitikken med eit brak og truleg sikra seg ordførarstolen. Sjølv er dei beskjedne når vi spør om det er ein Aarethun, Mowatt og Longva-effekt?
-Nei, det får andre vurdere, seier Kjartan Longva. I Arbeidarpartiet er vi eit team og eg er ikkje åleine om å arbeide med dette. Eg har rett nok vore frontfigur i media, men det er jo ein del av det å vere ordførar. Då får ein det negative når det kjem, men også rosen når den kjem, seier han.

Og nesten like beskjeden som Longva, er Aarethun.
-Ja, eg vil vere forsiktig å seie noko om nokon effekt. Vi har fokusert på at eg har ein god del erfaring og eit godt nettverk som kan kome kommunen til nytte på best mogeleg vis, seier Aarethun.

Audmjuk, men beskjeden er også Mowatt.
Det at eg har fått høve til å profilere meg har nok gjort til at det har gått så bra for vår del, meiner han.

Siste saker:

Start fleskespillet Start valgtesten Ta valgskolen
Det store valgfleskspillet
 

Ordførarkabalane er lagt

Ordførarkabalen er klar i alle kommunane i fylket. Her kan du få oversikten over alle kommunestyra og ordførarar i fylket etter valet i haust.
LES OM VALET I KOMMUNEN DIN

Alle artiklane frå Val 2003

Her kan du sjå den oppdaterte lista over alle artiklane frå valet 2003 i Sogn og Fjordane (klikk "Meir"):

Skråblikk på valet

Det er som oftast røynde, gråspetta menn som meiner og synsar når det er valkamp og val. Vi ba den yngste jenta i redaksjonen vår om å ha skråblikk på valkampen.

Eit spørsmål om å vere interessant

Då staten tok over sjukehusa mista fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane sitt beste virkemiddel for å gjere seg interessante for folk flest i fylket. Det store spørsmålet er korleis dei skal gjere seg interessante i framtida.

Møt politikarane på internett

Nettmøta kan du følgje direkte på valsidene våre på internett. Svara frå politikarane finn du etterkvart her.

Heimesidene til partilaga

Her finn du lenkjer til dei politiske partia som stiller lister i Sogn og Fjordane.

Kommune- og fylkestingsval 15. september

Kommune- og fylkestingsvalet i 2003 skal haldast måndag 15. september. På desse sidene kjem artiklar frå Sogn og Fjordane om valet. Framfor valet er det gjort ei rekkje endringar i Vallova:
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no