Venstre, KrF og Høgre meiner dei er førte bak lyset av Senterpartiet, som valde Arbeidarpartiet som ny samarbeidspartnar på fylkestinget etter gårsdagens val.
Av
May Helen Vik
For alle tre partia skal ha fått tydelege signal frå Senterpartiet under valkampen om at dei framleis ville samarbeide også i det nye fylkestinget.
Bittert
|
Svein Ottar Sandal: - Bittert |
KrF og Svein Ottar Sandal, legg ikkje skjul på at dei er skuffa. – Når vi ikkje får bli med, er det bittert, seier KrF-toppen.
For ved førre fylkesting var både KrF, Venstre og Høgre godt inne i varmen – og Arbeidarpartiet var ute i kulda. Denne avtalen sikra Nils R Sandal frå Senterpartiet vervet som fylkesordførar, medan Mathias Råheim fekk vere varaordførar. No er det omvendt. Senterpartiet, som blei den store vinnaren ved fylkestingvalet i år, valde Arbeidarpartiet som ny samarbeidspartnar, og slik skubba Råheim ut til fordel for Tor Bremer som ny fylkesvaraordførar.
Ap skuffar Venstre
Lindvik og Venstre er derimot mest skuffa over Arbeidarpartiet, som ikkje nytta sjansen til samarbeid med Venstre, trass i at dei fekk tilbod om fylkesordførarplassen.
Men sjølv om dei tre partia ikkje tykkjer Ap og Senterpartiet har vore rettvise, vil dei likevel ikkje øydeleggje for samarbeid den komande fylkestingperioden.