skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
3_1_banner  Store Norske
Her er du: NRK.no > Underholdning > Store norske Sist oppdatert 17:06
Hva er Store Norske?
Komiteen
Historie
Nominerte - bannerlenke
Nett.TV
KOLOFON
Publikum i NRK-studio? Send en epost til
---
Epost til redaksjonen:
---
Prosjektsjef for Radio- og Nett-underholdning
---
Vaktsjef og nettredaktør Underholdning:
 

Jakob Sande fridde til Halldis Moren, men fekk nei

Vestlandsdiktaren Jakob Sande fridde til Halldis Moren, men fekk nei. Ho hadde møtt Tarjei Vesaas. Året var 1931. Både Halldis Moren og Jakob Sande var unge, populære diktarar. Dei to kjende kvarandre godt, og leste dikt i lag på lyrikk-samlingar.

Publisert 16.03.2005 14:34.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
- Folk såg nok på dei som eit par. Eg veit at Jakob Sande var forelska i Halldis Moren. Han brukte å gå med debut-samlinga hennar på innerlomma når han var på fest. Jakob Sande fridde til Halldis Moren, men ho ba om å få tenke seg om fortel Olav Vesaas. Han er sonen til Halldis Moren Vesaas, og skriv no på ein biografi om mor si.

- Medan ho var i tenkeboksen møtte ho Tarjei Vesaas for første gong. Ho vart nøydd å skrive til Jakob Sande og fortelje at "det vart nok ikkje dei to". Dette tok Jakob Sande seg nær av. Eit halv år seinare reiste han til sjøs, fortel Olav Vesaas.

Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas - Foto: Valldal NTB / Scanpix

Halldis Moren og Tarjei Vesaas møttest første gong hausten 1931. Under det første stevnemøtet gjekk dei tur i Slottsparken og las dikt av Olaf Bull for kvarandre. Paret vart gift i 1934, og busette seg på garden Midtbø i Telemarksbygda Vinje.

Innslaget blei laga av Kjetil Lillesæter og sendt i Norgesglasset 16.03.05.

Les mer om Halldis Moren Vesaas




LENKER
Siste saker:

 
MER FRA STORE NORSKE
Store Norske om Store Norske
Radio
Historie 1905-2005
STORE NORSKE KRYSSORD

Kryssord

Er du glad i å løse kryssord? Prøv Store Norske-kryssordet.
SI DIN MENING
Si din mening!
Er de riktige kandidatene plukket ut? Hvem fortjener å vinne? Si din mening om Store Norske her.
10 SISTE STORE NORSKE
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no