skilleUnderholdning: Monsen (trippel)skille_slutt
3_1_banner  Store Norske
Her er du: NRK.no > Underholdning > Store norske Sist oppdatert 17:06
Hva er Store Norske?
Komiteen
Historie
Nominerte - bannerlenke
Nett.TV
KOLOFON
Publikum i NRK-studio? Send en epost til
---
Epost til redaksjonen:
---
Prosjektsjef for Radio- og Nett-underholdning
---
Vaktsjef og nettredaktør Underholdning:
 

Grådig på livet

Ho var grådig på livet, nysgjerrig, full av lykke og sorg. Og ho forelska seg stadig i nye menn. Diktaren Inger Hagerup ville utforske livet 24 timar i døgeret - året rundt.

Publisert 28.03.2005 09:48. Oppdatert 28.03.2005 10:08.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
ALT OM:
Den 12. april er det eit 100 år sidan forfattaren Inger Hagerup vart fødd. Sonen hennar Klaus Hagerup har skreve biografien "Alt er så nær meg" om mor si:

- Eg har mange gode minner frå barndommen. Mor brukte å lese for meg på sengekanten. Ho utstråla ein menneskeleg varme som også vart oss borna til del. Og ho var oppteken av at eg og bror min skulle ha ein normal barndom, sjølv om vi hadde ei mor som var kunstnar. Difor spiste vi middag og kvelds til bestemte tider kvar dag, fortel sonen Klaus Hagerup.

Oslo 1958: Forfatteren Inger Hagerup foran sin skrivemaskin sammen med sin katt. Foto: Aage Storløkken / Aktuell / Scanpix

Men barndomsminna til Klaus Hagerup er ikkje berre hyggelege. Når mora drakk for mykje vart han engsteleg. Festane med kunstnarvener i barndomsheimen på Haugerud var vidgjetne. Og spøkefullt har det blitt sagt at Klaus Hagerup vokste opp under eit bord på Theatercafeen.

- Eg vil ikkje seie at Inger Hagerup var ei trygg mor, men ho var ei god mor, seier Klaus Haugerup.

Ujevne dikt

Som lyrikar synest han dikta til Inger Hagerup er ujevne.

- På sitt beste er dikta hennar glitrande; Nakne i uttrykket og enkle, direkte i formen. Med dikt som "Austvågøy" og "Vær utålmodig menneske" vart ho forveksla med Arnulf Øverland, fortel sonen Klaus Hagerup.

Klikk på lenka i medieboksen for å høyre innslaget som vart laga av Kjetil Lillesæter og sendt i Norgesglasset NRK P1.

Les mer om Inger Hagerup

Lagt til rette for Internett av Per Kristian Johansen.




LENKER
Siste saker:

 
MER FRA STORE NORSKE
Store Norske om Store Norske
Radio
Historie 1905-2005
STORE NORSKE KRYSSORD

Kryssord

Er du glad i å løse kryssord? Prøv Store Norske-kryssordet.
SI DIN MENING
Si din mening!
Er de riktige kandidatene plukket ut? Hvem fortjener å vinne? Si din mening om Store Norske her.
10 SISTE STORE NORSKE
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no