OVERSIKT | NYHETER | SPORT | MUSIKK | UNDERHOLDNING | FILM | LITTERATUR | MAT | BARN | UPUNKT |
![]() | ![]() |
Her er du: NRK > Programmer > Radioarkiv > Sånn er livet > Samfunn > Portrett | Oppdatert 22.11.2004 15:22 |
| Wildenveys gløymde barn Publisert 09.07.2001 12:12 - Oppdatert 30.11.2001 09:42
Før Herman Wildenvey gifte seg med sin Gisken, fekk han to døtre med same mor, Marie Andersen. Hildegards eldste søster, Lillian Sonning, vart bortadoptert. Ho fekk utdanning og heldt kontakt med far sin. Men då Hildegard to år etter kom til verda, sa diktaren at det fekk vera nok med eitt barn. Mi ulykke di skuld, sa morMens storesøster Lillian vart ein kjend journalist som hadde kontakt med far sin og også med veslesøstera, kom Hildegard til mor si frå barneheimen 2 år gamal. Her vaks ho opp ilag med stefar, ein halvbror og ei mor som ga dotter si skulda for sitt ulykkelege liv. Far sin, diktaren, møtte ho berre ein gong som 17-åring, eit underleg møte på ei trapp.Diktarens gener![]() -Men jeg blir nok ikke med for å hylle ham! seier dottera som skulle syna seg å bli den einaste som fører diktarens slekt vidare. Gisken og Herman tok til seg eit barn, og storesøster Lillian var barnlaus. Arven frå far![]() -du var stor som dikter, men som far var du liten - med lyster..... Versa om far har ho aldri framført tidlegare, for få veit kven ho er. Når ho på eldresentra i byen formidlar frå diktsamlinga si, får ho gjerne ros. Då kan det halda hardt å tia med kven ho er. Mors store kjærleikEin av dei som visste om dottera, var forfattaren Tom Lotherington som i 1994 ga ut bok om Wildenveys liv. I boka undrar han seg over kven. kvinna var som fødde Wildenveys einaste born.Var det berre eventyr-kveldar som førde til farsskap? Hildegard er sikker på at mor elska diktaren heile livet. Det var det som var ulykka. Av Åshild Ulstrup På livet laus, NRK P2, 15. juli 2001 |
08.11.2001 13:37 Allen Ginsberg og Jack Kerouac 05.09.2001 11:03 Egil Ulateig 31.08.2001 12:40 Alfred Nobel 16.05.2001 09:15 Atomoffer – uten å vite |
Copyright NRK © 2001 - Telefon: 815 65 900 - E-post: info@nrk.no - 21.12.2008 12:11 |