skillePodkastingskille_slutt
Terrorkrigen 3_1
Her er du: NRK.no > Nyheter > Utenriks > Terrorkrigen Sist oppdatert 09:55
Siste nytt frå distriktskontora i NRK NRK Finnmark NRK Troms NRK Nordland NRK Trøndelag NRK Møre og Romsdal NRK Hedmark og Oppland NRK Sogn og Fjordane NRK Hordaland NRK Rogaland NRK Sørlandet NRK Østlandssendingen NRK Østfold NRK Buskerud, Telemark og Vestfold Siste nytt frå distriktskontora i NRK Siste nytt frå distriktskontora i NRK
NRK Nyheter
Tlf: 23 04 80 00
Faks: 23 04 71 77
nettnyheter­@nrk.no
Adresse: 0340 Oslo

Publikumsservice
Tlf: 815 65 900
info@nrk.no


Nyhetsredaktør:
Rune Nøstvik
Ansvarlig redaktør NRK.no: Are Nundal

Tips NRK Nyheter:
nyheter@nrk.no
Tips alle nyhets­redaksjonene
Tlf: 23 04 80 00

 

USA vedgår feilbombing

Amerikanske styresmakter vedgår at eit Røde Kors-lager i Kabul i går vart bomba ved ein feil. Ein talsmann for Pentagon seier at dei trudde at Taliban lagra militært utstyr i lageret.

Publisert 17.10.2001 06:29. Oppdatert 17.10.2001 13:32.
LYD OG VIDEO  Lyd Video
Hjelp | Mer lyd og video
USA brukte i går kampfly av typen AC-130 i angrepa på Afghanistan. (Scanpix)
Det var mat, medisinar, tepper og telt i lageret. Det internasjonale Røde Kors seier at lagerbygningen var godt merka med emblmet til Røde Kors på taket.- Det var ikkje tvil om at dette var ein sivil bygning, seier Robert Monin, leiar for Røde Kors-delegasjonen i Kabul.

Røde Kors har retta ei formell klage til den amerikanske ambassaden i Islamabad i Pakistan, og Røde Kors-hovudkvarteret i Geneve i Sveits har framført ei klage til USA sin representasjon der.

Nye Angrep

Samstundes held bombeangrepa mot Afghanistan fram. I morgontimane i dag blir det meldt om seks kraftige eksplosjonar i den sørlege delen av byen. Det er førebels ikkje klart kva mål som vart trefte, men det blir meldt om liten aktivitet frå det afghanske luftvernet.

Det blir også meldt om bombing i og utanfor byen Kandahar, den åndelege hovudstaden til Taliban-regimet. Taliban-talsmenn hevdar at 30 sivile er drepne i dei amerikanske angrepa i natt, men dette kan ikkje stadfestast av andre kjelder.

Taliban hevdar også at ein lastebil full av menneske på flukt frå flyangrepa vart råka av eit amerikansk flyangrep ikkje langt frå Kandahar. Ei bombe eller rakett trefte lastebilen i landsbyen Chunai utanfor Kandahar, blir det opplyst.

Det skal også ha vore kraftig bombing i området der frontlina går mellom Taliban og Nordalliansen nord for Kabul. Også ved Jalalabad skal det ha vore harde angrep i morgontimane i dag. Her skal blant anna to militærbasar vore utsette for bombeåtak.

Øydelagt

Røde Kors-lageret i sentrum av Kabul vart delvis øydelagt i bombinga i går. 35 prosent av hjelpeforsyningane i lageret gjekk opp i røyk for brannmannskapa greidde å sløkkje brannen som oppstod, opplyser IRC, Det internasjonale Røde Kors.

Pentagon-talsmannen seier at det var observert militære køyrety i nærleiken av varehuset, og at USA ikkje var klar over at Røde Kors brukte eitt eller fleire av varehusa.

Taliban hevdar at USA har bomba eit sjukehus i Kandahar, og at fem menneske er drepne. Angrepet skal ha vore utført av kampfly av typen AC-130, ein ombygd Hercules-maskin fullpakka med avanserte våpen.

Australsk hjelp

Australia har gitt melding om at dei sender over 1500 soldatar, fire jagarfly og fleire fregattar for å delta i krigen mot terrornettverket til Osama bin Laden og Taliban-regimet i Afghanistan.

Australias statsminister John Howard trur det militære materiellet kan vere i bruk innan midten av november.

Iran har på si side sagt at dei vil tilby humanitær hjelp til amerikanske soldatar på iransk territorium, melder New York Times.


 
DEBATT
10 SISTE NYHETER
Copyright NRK © 2009  -  Telefon: 815 65 900  -  E-post: info@nrk.no