Av
Øyvind André Haram
Det komande valet lovar svært så godt for Sosialistisk Venstreparti i Trondheim. Meiningsmålingane har stort sett vist framgang heilt sidan i fjor. Målinga denne veka viser heile 21,1 prosentpoeng til SV i Trondheim. Det er fram 11,7 poeng samanlikna med kommunevalet i 1999.
- Det viser nok ein gong at vi har arbeidd rett, seier ordførarkandidat Knut Fagerbakke.
Ordførar?
Kampen om ordførartittelen i Trondheim har i heile valkampen vore knytt opp til Høgres Frank Jenssen og Arbeidarpartiet sin kandidat, Rita Ottervik. Med SV som det nest største partiet i Trondheim, er Knut Fagerbakke på full veg inn i diskusjonen.
- Kven som vert ordførar i Trondheim vert avgjort etter valet. Eg kjem ikkje til å gå inn i nokon diskusjon om kven som kan krevje tittelen no.
- Men du kjem stadig nærmare og nærmare?
- Eg trur nok både Arbeidarpartiet og Høgre vil få seg ei overrasking 15 september. Du skal ikkje sjå bort i frå at vi vert størst i Trondheim, seier Fagerbakke med glimtet og håpet sterkt plassert i auga.
Lei privatiseringa
Ved stortingsvalet i 2001 stemde heile 18,5 prosent av veljarane i Trondheim SV. Med Arbeidarpartiet på 30,3 prosent, hadde venstresida fått reint fleirtal dersom det hadde vore val i dag. Knut Fagerbakke trur endringa er årsaka til at både SV og AP går fram på meiningsmålingane.
- Veljarane i Trondheim vil ikkje privatisere bestmor si. Veljarane i Trondheim var i mot salet av Trondheim Energiverk. Eg trur dei er lei alt snakket om konkurranseutsetjing.
- Men Høgre har då stått sterkt svært lenge i Trondheim?
- Ja men eg trur mange meiner at 14 år er nok. No er det på tide med forandring.
Dersom SV får den sterke oppslutninga ved valet, lover Fagerbakke no ei meir synleg venstreside i Trondheim. Hovudoppgåva vert å få Arbeidarpartiet til å bli meir SV-vennlege.
- Det var vel ei måling som viste at Høgre og AP stemde likt i mange av sakene i bystyret. Vi kjem nok til å krevje at dei er meir samde med oss dersom vi skal samarbeide etter valet.
Trur på forandring
Lovande resultat og framgang for SV har Arbeidarpartiet i Trondheim ingen vanskar med å tru på. Noko sterkare og meir SV-vennleg politikk kan partiet likevel ikkje love med det fyrste.
- Vi vil satse på det Arbeidarpartiet har kjempa for den siste tida. Nei til privatisering og ja til å kjøpe tilbake til Trondheim E-verk.
- Men AP stemmer ofte likt saman med Høgre?
- I bystyret stemmer ofte alle likt, svarar Ottervik.
Med framgang for venstresida på meiningsmålingane kjem det truleg til bli skifte i Trondheim etter 15 september. Valforskar ved NTNU Toril Aalberg har heller ingen vanskar med å sjå den tendensen.
- Nei det vil nok overraske meg dersom det ikkje skjer med dei meiningsmålingane vi har no. Kor sterkt AP og SV vil ende, er eg derimot ikkje sikker på. Det eg derimot er sikker på, er at dei borgarlege partia har ein formidabel jobb fram til den 15, poengterer Toril Aalberg.