Målinga Norfakta har utført for Adresseavisen er den første sidan ordførar Anne Kathrine Slungård annonserte at ho kom til å trekkje seg. Veljarane i Trondheim blei spurt om dei ville ha Arbeidarpartiets Rita Ottervik eller Høgres Frank Jenssen som ny ordførar i byen etter valet neste haust.
|
Frank Jenssen |
Jenssen på andreplass
23 prosent av dei spurte ønsker Rita Ottervik som Trondheim sin nye ordførar, mens 19 prosent vil ha Frank Jenssen. Det var berre desse to namna som blei lest opp i undersøkinga, men veljarane kunne likevel trekkje fram andre namn sjølv. Svært få gjorde dette, men derimot heile 54 prosent svara at dei ikkje visste kven dei ønska som ny ordførar etter Slungård, skriv Adresseavisen.