Senterpartiet fekk heile 35,5 prosent av røystene i Hornindal.
Av
Vidar Vie
Det var ein framgang på 9,6 prosentpoeng, og det gjorde at partiet vart desidert størst i kommunen. Nest størst framgang fekk Ap med 20,6 prosent av røystene.
Bjørn Lødemel er ordførar og leiar for Høgre i Sogn og Fjordane. Partiet gjekk likevel tilbake 3,7 prosentpoeng og enda på 10,7 prosent oppslutnad.
Størst tilbakegang fekk likevel KrF som enda på 6,4 prosent oppslutnad. Det var ein tilbakegang på heile 9,2 prosentpoeng.
Hornindal vart ein av Frp sine dårlegaste kommunar, og partiet fekk berre 9,1 prosent oppslutnad.