|
Fylkesleiar Tor Bremer, Ingrid Heggø og Reidar Sandal er glade over resultatet. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK |
Arbeidarpartiet vann valet i Sogn og Fjordane og får to på tinget. Sp får eitt mandat, FrP får inn Åge Starheim, medan Venstre ser ut til å få utjamningsmandatet.
Av
Noralv Pedersen
Både Reidar Sandal og Ingrid Heggø kan sjå fram til fire år på Stortinget. Ap får omlag 30 prosent av røystene, og går kraftig fram i høve til stortingsvalet i 2001. Framgangen kjem både på kysten og i dei største kommunane.
Historisk for Frp
Åge Starheim blir historisk og blir den fyrste stortingsrepresentanten frå Framstegspartiet i Sogn og Fjordane. Partiet får rundt 15 prosent oppslutnad.
Sp kan få to
Senterpartiet gjer også eit godt val og held heilt sikkert sitt eine mandat. Ved eitt-tida natt til tysdag var dei også inne med utjamningsmandat, men det endra seg utover natta. Lenge såg det ut til å hamne hjå Kristeleg Folkeparti og Per Steinar Osmundnes, men utpå føremiddagen tysdag gjekk det over til Venstre og Gunvald Ludvigsen. Både Høgre og Sosialistisk Venstreparti ser ut til å misse kvart sitt mandat.
|
Ingrid Heggø og Reidar Sandal. Foto: Heidi Lise Bakke |