Dei raudgrøne partia tok 68,4% av røystene i Leikanger, men av dei tre var det berre Arbeidarpartiet som hadde framgang frå stortingsvalet i 2001.
Av
Kjell Arvid Stølen
Arbeidarpartiet fekk 31,4%, fram 6,5 prosentpoeng, medan SV hadde ein tilbakegang på 1,4 til 11,2%, og Senterpartiet gjekk tilbake 3,7 til 25,8%.
Ved sidan av Ap var det berre Framstegspartiet som hadde nemnande framgang, med 6,1 prosentpoeng til 11,5%. Venstre gjekk rett nok fram, men berre med 0,7 til 7,3%.
Regjeringskollegaene Høgre og KrF måtte også i Leikanger tole nedgang, men litt mindre markert enn i dei fleste andre kommunane. Høgre gjekk tilbake 3,9 til 5,4%, og KrF tilbake 3,1 til 6,3%.