Av
Vidar Vie
Arbeidarpartiet fekk 30,8 prosent oppslutnad. Det er ein framgang på 9,0 prosentpoeng i høve til siste val, og det beste valet dei har gjort i Flora sidan 1993.
|
Heidi Grande Røys. |
Medan folket i Flora mobiliserte stort for Heidi Grande Røys og SV for fire år sidan, så fekk ho ein stor nedtur i heimkommunen i år. Resultatet vart 14,6 prosent oppslutnad, ein tilbakegang på heile 7,8 prosentpoeng.
Den andre store vinnaren i kystbyen vart Framstegspartiet. Dei fekk heile 18,8 prosent oppslutnad, ein framgang på 6,7 prosentpoeng oppslutnad.
KrF vart meir enn halvert og gjekk tilbake til 5,6 prosent oppslutnad. Også Høgre gjekk tilbake, men enda likevel opp på 14,5 prosent oppslutnad. Det er ein tilbakegang på 4,0 prosentpoeng.