Årdølene var ikkje i tvil: Det måtte bli Arbeidarpartiet.
Av:
Vidar Vie
|
Reidar Sandal. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK |
Reidar Sandal fekk betalt for det då han truga Hydro med å ta frå dei konsesjonar i Nordsjøen. Arbeidarpartiet gjekk fram 12,3 prosentpoeng og enda altså på fantastiske 72,5 prosent oppslutnad.
Det var ikkje uventa. Arbeidarpartiet stod knallhardt på for å gje Årdal ein omstillingspakke som verkeleg monna. Valet er eit kraftig signal om at årdølene stolar på Ap og Ap åleine.
Senterpartiet har vore minst like klare når det gjeld å passe på kva Hydro gjer med Årdalssamfunnet, men har ikkje fått betalt for det. Dei fekk 4,7 prosent oppslutnad, og det er ein tilbakegang på 1,3 prosentpoeng.
Framstegspartiet vart det nest største partiet i kommunen og fekk ni prosent av røystene. Det var ein framgang på 1,2 prosentpoeng i høve til valet for fire år sidan.