Ap og Sp går kraftig fram i Hyllestad kommune. Krf er den store taparen.
Av
Noralv Pedersen
Arbeidarpartiet og Senterpartiet tek storeslem i Hyllestad og går fram høvesvis 10,6 og 11,6 prosentpoeng til 31,6 og 31,1 prosent.
Lojale mot Høyanger
Hyllestad har mange industriarbeidarar som jobbar på hjørnesteinsverksemda Havyard Leirvik og på aluminiumverket i Høyanger. Både Arbeidarpartiet og Senterpartiet har markert sterk motstand mot Hydro si nedbygging i Høyanger, og valresultatet kan tyde på dei to raudgrøne partia har fått utteljing blant innbyggjarane i Hyllestad for industripolitikken sin.
Sterk Sp-kommune
Kommunen i Ytre Sogn har tradisjonelt vore ein sterk senterpartikommune med tidlegare stortingsrepresentant Håkon Giil som effektiv stemmesankar. Etter nedturen i stortingsvalet i 2001 (19,4) skårar Senterpartiet ved dette valet betre enn i 1997 (27,1), men 2005-resultatet kan ikkje måla seg med brakvalet i 1993 då partiet fekk 40,8 prosent av røystene.
Krf meir enn halvert
Kristeleg folkeparti gjer eit katastrofeval og går tilbake 14,8 prosentpoeng til 9,7 prosent. Òg for Sosialistisk venstreparti er valresultatet skuffande. Partiet går tilbake 4,6 prosentpoeng til 5,1 prosent.
Framgang for Frp
Framstegspartiet gjer eit solid byks frå førre stortingsval og får 11,9 prosent. Høgre har gjort eit dårleg val òg i Hyllestad og går tilbake 2,0 prosentpoeng til 6,1 prosent. Venstre får 3,3 prosent, den same oppslutnaden som for fire år sidan.