Ingen av dei lokale tilhengjarane av EU stilte på EU- debatten i Sogndal i går. Arrangementet er det einaste i den lokale valkampen som har EU som tema.
Av
Lars Petter Degnepoll og
Kjell Arvid Stølen
Kandidatar frå Sp, SV og KrF var dei einaste som møtte til folkemøtet om EU og demokratiutvikling i Sogndal tysdag. Dermed vart det lite debatt og mykje semje mellom dei tre i
panelet.
H og Frp svarte ikkje
Høgre og Framstegspartiet svarte ikkje eingong på invitasjonen frå Sogndal Nei til EU. Førstekandidat for Høgre, Mathias Råheim, er den einaste av listetoppane med eit krystallklart ja til EU-standpunkt. Han har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar i dag. Men då Erna Solberg vitja Florø i førre veke, sa ho at EU- spørsmålet er viktigare for partiet enn å sitje i regjering.