Helge Kindervåg er leiar i Hå KrF. Han har sjølv kontakta advokat etter at han gjennom media fekk vita at han kunne vera mistenkt. Kindervåg seier han har kontakta lokallaget sitt.
Han vil ikkje uttale seg om anmeldelsen, men han ser ikkje bort fra at det kan være en hevnaksjon.
Helge Kindervåg var den som høgast sa frå om at han støtta Jan Birger Medhaug, då fylkesordførarkandidaten til Krf i Rogaland vart meldt til politiet for valtekt. Derfor seier Kindervåg at han ikkje ser vekk frå at dette kan vera ein hevnaksjon.
Kindervåg er anmeldt for seksuelle handlingar mot ein annen persons vilje. Det er altså ikkje snakk om valdtekt som i Medhaugs tilfelle.
Kindervåg skal i politiavhøyr om saka på Hå lensmannskontor i ettermiddag.
Det er også tillyst eit styremøte i Hå KrF i ettermiddag kl. 18.00. Der skal partiet avgjere kva som skjer vidare i denne saka.
Etter det møtet lovar Kindervåg å sjølv kommentere saka og politianmeldelsen.
Av:
Ingvald Nordmark og
Wenche Lamo Hadland