SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
4.800 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Vindafjord har vore prega av bygder som står mot kvarandre. Derfor har bygdelister florert. Nå har Vindafjord, med fire røysters overvekt, gått inn for å slå seg saman med Ølen.
Det spesielle denne gongen er at valet berre er for to år. Ved Stortingsvalet skal det vera eit nytt lokalval for dei samanslåtte kommunane Ølen og Vindafjord.
Politisk situasjon
KrF har ordføraren ved Oddvar Haugland. Dei har med seg Høgre og Gunnar Ulland som varaordførar.
Dei hadde fellesliste saman med Tverrpolitisk og Ap.
Mot dei stod Sp og Vikedal-Imsland-bygdelista.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 29 medlemmer i kommunestyret. Det skal ned i 19 representantar.
Ap-4, Sp-6, KrF-4, H-4, Vikedal-Imsland-bygdelista-2, Tverrpolitisk-9.
Vallister -03
Det er tilsaman 5 lister i Vindafjord. I tillegg til Ap, H, KrF og Sp har Skjold og Vats Tverrpolitiske liste kome til.
Aktuelle kandidatar
Reidar Håvås fortset som listetopp for Ap.
Ordførar Oddvar Haugland fortset som listetopp for KrF.
For Høgre gir Gunnar Ulland seg. I staden er lensmann i Tysvær, Dagfinn Torstveit, ordførarkandidat for Høgre.
Senterpartiet stiller utan ordførarkandidat og med alfabetisk liste.
Det same gjer den nye bygdelista for Skjold og Vats.
Dei andre bygdelistene er gått inn denne gongen.
Aktuelle saker
Lite store saker i valkampen.
Valstatistikk
Val-91: Ap-3, Sp-8, KrF-3, H-3, Skjold-Vats Bl-8, Sandeid-Ilsvåg Bl-3, Bygdeliste Skjold-1
Val-95: Ap-2, Sp-10, KrF-4, H-3, Skjold-Vats Bl-6, Sandeid-Ilsvåg Bl-3, Venstrevind-1
Val-99: Ap-4, Sp-6, Krf-4, H-4, Tverrpolitisk-9, Vikedal-Imsland-bygdelista-2