SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
3950 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Sp og KrF og Venstre har tradisjonelt hatt gode val i Suldal. Ikkje noko tyder på at det skal endre seg denne gongen heller. Litt underleg er det at FrP aldri har klart å stille liste i Suldal.
Politisk situasjon
Ordførar Roar Obrestad, KrF, stiller til gjenval etter ein turbulent nominasjonsprosess. Der blei han først erstatta på topp. Men etter at han trua med å trekkje seg, endra nominasjonsmøtet rekkefølgen.
Andreas Drarvik, Sp, er i dag varaordførar og han er også toppkandidat for Sp.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 25 medlemmer i kommunestyret.
Ap-5, SV-2, KrF-5, V-4, Sp-7, H-2.
Vallister -03
Det er tilsaman 6 parti som stiller lister i Suldal. Dei vanlege partia minus FrP.
Aktuelle kandidatar
Einar Schibevaag, tidlegare redaktør av Suldalsposten er på toppen for Venstre. Han er ny.
Det same er Tone Mari Sand som toppnamn for SV. Men der er røynde Tormod Skeie på 2. plass.
Sverre Underbakke er ute av Høgre si liste. Den er alfabetisk, men Dagfinn Grov står der. Han var 1. varamann sist. Dei to som var inne har trekt seg.
Hans Sæter fortset som førstemann på Ap si liste.
Aktuelle saker
Her er det ei skikkeleg stridssak når det gjeld skulelokalisering. Det er eit forslag ute til høyring på ny struktur for ungdomsskular i kommunen. Med forslag om nedlegging og sentralisering. Dette blir garantert ei tøff sak, sjølv om både Venstre og Sp har lova at dei ikkje skal røra dagens oppdeling.
Ellers har det vore snakk om kommunesamanslåing med Sauda, men det skal vel noko til at det blir valkampsak.
Valstatistikk
Val-91: Ap-7, SV-2, V-2, Krf-5, Sp-13, H-3,
Val-95: Ap-7, SV-5, V-4, KrF-5, Sp-10, H-2,
Val-99: Ap-5, SV-2, V-4, KrF-5, Sp-7, H-2,