SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
19.500 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Sola har vore ein "blå" kommune. Der både FrP og Høgre tradisjonelt har gjort gode val. Rett nok hadde Sp ordføraren frå -95-99 (Eli Hellestø), men det var med støtte frå Høgre og FrP. I siste periode har Håkon Rege, H, vore ordførar. Han var i si tid den første FrP-ordførar i landet i nettopp Sola. Det var han i to år, 1987-89.
Politisk situasjon
Håkon Rege, H, er ordførar. Han styrer ved hjelp av bl.a. KrF, som har varaordføraren i Gitle M. Byberg. Saman med FrP er det overlegent borgarleg fleirtal, men det er ikkje noko offisielt samarbeid.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 41 medlemmer i kommunestyret.
Ap-6, KrF-6, V-2, Sp-3, H-12, FrP-9, Bygdelista-3.
Vallister -03
Bygdelista har gått ut. I staden har kome Tanangerlista. Også SV stiller liste igjen.
Aktuelle kandidatar
Håkon Rege går laus på ein ny periode som toppkandidat. Han er røynd politisk og ein populær politikar. Varaordførar Gitle Byberg, KrF, gir seg som politikar. Der overtar Jan Sigve Tjelta.
For FrP er det Tom Henning Slethei som toppar lista. Solveig Horne Kolnes på 2. plass. Ho var toppfigur i inneverande periode.
Rein Osmundsen fortset for Ap.
Aktuelle saker
I år stiller ei eiga Tanangerliste med ex-høgrepolitikar Inger Tranvåg på topp. Ho gjekk over frå Høgre til Sp etter sist val.
Jåsund-utbygginga er ei stor sak for Sola, på lik linje med Risavika og Shell-raffineritomta på Tananger.
Privatisering kan kanskje bli ei sak?
Valstatistikk
Val-91: Ap-6, SV-2, V-1, Krf-5, Sp-6, H-8, FrP-8, Pp-2, Bygdelista-3
Val-95: Ap-7, V-2, KrF-5, Sp-6, H-9, FrP-7, Pp-1, Bygdelista-4
Val-99: Ap-6, V-2, KrF-6, Sp-3, H-12, FrP-9, Bygdelista-3