SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
3.260 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Tidlegare var det kvar si øy som var viktigast for mange kommunepolitikarar. Nå har det etter kvart blitt ein samla kommune. Det skuldast utbygging av vegnettet gjennom Rennfast.
Tradisjonelt har Høgre, Sp og KrF gjort det sterkast i Rennesøy.
Politisk situasjon
Ordførar: Jostein Eiane (KrF)
Varaordfører: Christoffer O. Hausken, Samlingslista.
Tverrpolitisk-liste går ut dette året. Utgangspunktet for den var Sp og Høgre-folk på Mosterøy og Austre Åmøy.
Utgangspunktet for Samlingslista var at alle var frå Vikevåg, men den nye lista inneheld namn frå heile kommunen.
Svært mange av dei politiske leiarane tar gjenval.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 21 medlemmer i kommunestyret.
Ap-3, KrF-5, Sp-2, H-2, FrP-3, Samlingslista-4, Tverrpolitisk-2
Vallister -03
Seks parti stiller til val i Rennesøy.
SV, Venstre og Tverrpolitisk liste stiller ikkje. Men Samlingslista står ved lag.
Aktuelle kandidatar
Ordførar Jostein Eiane, KrF, stiller til gjenval.
Det gjer også Christoffer O. Hausken, Samlingslista,
Geir Løland, Ap, Halvor Hødnefjell, H og Tor Berner Harestad, Frp.
Ivar Finnesand stiller som listetopp for Sp.
Aktuelle saker
Det er ingen tydelege kampsaker i kommunen. Men det er mykje innflytting og då blir både barnehage og skular viktige postar.
Bruk av gassen som kjem i land blir viktig. Vassavgift blir nok ei heit sak, etter at IVAR har kome inn med dyre utbyggingar.
Det er også ein problematikk at sidan det er mykje innflytting, så blir både hus og båtplass for dyrt for kommunen sine eigne innbyggjarar. I staden går hus og båtplass til byfolk, som har større kjøpekraft. Å demme opp for dette blir viktig, meiner ordføraren.
Valstatistikk
Val-91: Ap-3, Krf-4, Sp-8, H-4, Upolitisk-2
Val-95: Ap-4, KrF-4, Sp-4, H-5, Tverrpolitisk-4,
Val-99: Ap-3, KrF-5, Sp-2, H-2, FrP-3, Tverrpolitisk-2, Samlingslista-4