SE OGSÅ: |
|
|
ALT OM: |
|
30.750 innbyggjarar
Politisk karakteristikk
Høgre hadde størst framgang i sist val med 7.2% og fekk 15 representantar i kommunestyret. Pensjonistpartiet stilte ikkje liste og gjekk då saman med Venstre mest tilbake.
Politisk situasjon
Høgre har styrt kommunen gjennom heile perioden og stiller med ein populær toppkandidat i Petter Steen jr.
Arbeiderpartiet utfordrar Høgre. Terje Emil Johannesen frå Ap er varaordførar. Han stiller ikkje til gjenval.
Kommunestyret 1999-2003
Det er 49 medlemmer i kommunestyret.
Ap-12, SV-3, RV-0, Sp-0, KrF-6, V-3, H-15, FrP-10
Vallister -03
Ni parti stiller lister i Haugesund. Utanom dei vanlege, så er Pensjonistpartiet tilbake. Også RV stiller liste. Det same gjer Sp, sjølv om dei ikkje fekk representantar inn i sist val.
Aktuelle kandidatar
Ordførar Petter Steen jr. for Høgre. Han overtok etter Finn Martin Vallersnes, som gjekk inn på Stortinget halvveis i sist periode. Steen jr. er godt likt. Han har bakgrunn frå Fiskeridirektoratet og jobbing med Ryan Air.
Astri Furumo var den som fekk flest personlege stemmer for Ap i sist val og ho stiller også som ordførarkandidat.
Jostein Havnerås er røynd og dyktig toppkandidat for FrP.
Ellers kjem Pensjonistpartiet tilbake. Med Klara Bråtveit og Borghild Berning på topp. Berning er kjent som aktiv i organisasjonen "2 foreldre" som kjempar for at skilsmissebarn skal få halde kontakten med begge foreldra også etter skilsmissen.
Aktuelle saker
Haugesund har pressa økonomi, men det er ingen store kampsaker. Unntaket kan vera innføring av bomring rundt byen. Det vil FrP utnytte til det ytterste ved å gå imot. Ellers vil alltid spenninga mellom Stavanger og Haugesund halde seg i fylkespolitikken. Nord-sør-problematikken når det gjeld å fordele pengar er kjent frå alle tider.
Valstatistikk
Val-91: Ap-15, SV-5, Sp-2, KrF-11, V-4, H-13, FrP-7, Pp-12 (69)
Val-95: Ap-12, SV-2, Sp-1, KrF-6, V-6, H-11, FrP-9, Pp-2 (49)
Val-99: Ap-12, SV-3, Sp-0, KrF-6, V-3, H-15, FrP-10,Pp-0 (49)